Bilane kolliderte på ei rett strekke i Satakroken i Ål.
Bilane kolliderte på ei rett strekke i Satakroken i Ål.

Kritisk og uavklart for skadd kvinne

To personar var involvert i møteulykka på Rv7 i Ål torsdag føremiddag.

Ein kvinneleg bilførar i 70-åra er innlagt på Ullevål universitetssjukehus med kritiske skader etter ei møteulykke på Rv7 i Satakroken i Ål. Tilstanden til kvinna er kritisk og uavklart. 

Det var to bilar involvert i møteulykka, med ein person i kvar bil. I tilllegg til den svært alvorleg skadde kvinna, vart også den andre bilføraren frakta til sjukehus. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I 14.30-tida melde politiet at ulykkesgruppa i Statens vegvesen og krimtekniknarar i politiet undersøkjer ulykkesstaden.  Dei har også avhøyrt vitne til ulykka.

Politiet vil førebels ikkje opplyse kva typar bilar som kolliderte, anna enn at det er to personbilar og båe er norskregistrerte. 

Det er heller ikkje klart kva som førte til at bilane kolliderte.

Rv7 i Ål var stengt i fleire timar etter ulykka.
Rv7 i Ål var stengt i fleire timar etter ulykka.

Medan Rv7 er stengt kan personbilar og lokale bussar nytte skilta omkjøringsveg. Tyngre kjøretøy kjem ikkje forbi, og må velje andre ruter.