Viken blir Norges største fylke, målt i innbyggjartal, med til saman 1,2 millionar innbyggjarar. Det er no klart at det er fleirtal på Stortinget for samanslåinga, etter at KrF har landa på at dei ikkje vil gjere snu eller gjere endringar.
Viken blir Norges største fylke, målt i innbyggjartal, med til saman 1,2 millionar innbyggjarar. Det er no klart at det er fleirtal på Stortinget for samanslåinga, etter at KrF har landa på at dei ikkje vil gjere snu eller gjere endringar.

KrF vil ikkje stoppe Viken

KrF har konkludert med at dei i respekt for tidlegare vedtak ikkje vil endre eller reversere samanslåinga av Buskerud, Akershus og Østfold til Viken fylke.

NTB melder at KrF ikkje går imot ein ny storregion, med til saman 1,2 millionar innbyggjarar.

KrF kunne ha stoppa den nye storregione­­n, men slik blir det ikkje. Dermed går det mot samanslåing av Buskerud, Akershus og Østfold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen omkamp

Viken blei vedteke at Stortinget før sommaren, men fleire opposisjonsparti har ønska omkamp. For å lykkast med det måtte ein ha KrF med på laget. No er det klart at KrF vender tommelen ned for forslaget. Det er KrFs kommunalpolitiske talsperson Torhild Brandsdal som melder dette til Aftenposten.

KrF sikra saman med Venstre, Frp og Høgre fleirtal for regionreforma. Brandsdal viser til at ein «i respekt» for semja partia tidligare i år om regionreforma ikkje vil fremje eller stemme for reverseringar eller endringar av den nye fylkesstrukturen.

Aftenposten referer til at KrFs fylkesleiarar i både Buskerud og Østfold ønska å oppheve Viken-vedtaket. Eit forslag om å dele Viken i to (ein vestre del av Akershus pluss Buskerud, og ein austre del med aust-Akershus» og Østfold) fekk ikkje gjennomslag i eigen stortingsgruppe. Dermed blir dei tre fylkene historie og Viken fylkeskommune blir ein realitet.

Må få fleire oppgåver

Men KrF er klare på at dei nye regionane må få fleire oppgåver når dei ser dagens lys i 2020.