Ein buss med 28 utanlandske turistar køyrde av vegen mellom Haugastøl og Ustaoset onsdag ettermiddag.
Ein buss med 28 utanlandske turistar køyrde av vegen mellom Haugastøl og Ustaoset onsdag ettermiddag.

Køyrde med sommardekk

Ingen personar fekk alvorlege skadar då ein turistbuss køyrte av vegen mellom Haugastøl og Ustaoset onsdag ettermiddag.

Ved 15-tida onsdag fekk politiet melding om at ein turistbuss hadde køyrt av vegen på Rv7 mellom Haugastøl og Ustaoset. 28 utanlandske passasjerar, inkludert sjåfør og guide, var ombord då ulykka skjedde.

- Ingen personar er alvorleg skadde. Sjåføren vart køyrt til legevakta for ein rutinemessig sjekk. Alle passasjerane vart raskt flytta over i ein annan buss og køyrt til Geilo for vidare transport derifrå, seier politibetjent Christoffer Norhaug. 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Norhaug bekreftar at bussen køyrde med sommardekk. Turistbussen sklei truleg av vegen i ein krapp sving, før den trefte autovernet og sigla ut i grøfta i motsett køyrefelt. Det var kring 0 gradar, regn og snø i området der ulykka skjedde. Litt før klokka 17 var bussen berga opp att på vegen.