Ein personbil og ein lastebil var involvert i ei ulukke på Hemsedalsfjellet måndag ettermiddag.
Ein personbil og ein lastebil var involvert i ei ulukke på Hemsedalsfjellet måndag ettermiddag.

Kollisjon mellom lastebil og personbil

Ein lastebil og ein personbil har kollidert på Rv52 på Hemsedalsfjellet. Ingen skal vere alvorleg skadde, men vegen er sperra.

Nødetatane har rykka ut til ein kollisjon mellom ein personbil og ein lastebil på Rv52 på Hemsedalsfjellet. Politiet fekk meldinga i 1350-tida.

Etter kva politiet forstår er det ikkje tale om alvorlege personskader. To personar er involvert og skal vere ute av bilane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen er førebels sperra i samband med opprydding.