Stolpane til Hallingplasts dotterselskap Wopas har no vore på marknaden i eit år.
Stolpane til Hallingplasts dotterselskap Wopas har no vore på marknaden i eit år.

Kleivi: Utvidar bruksområda for stolpar med plastomslag

For eit år sidan starta Hallingplast produksjonen ein nye stolpar til kraftlinjer, telefonstolpar og bryggjepålar. No har dei funne fleire bruksområde.

I fjor juli starta Hallingplast eit nytt kapittel i suksesshistoria si. Gjennom dotterselskapet Wopas starta dei produksjonen av ein ny type miljøvennleg stolpe med tallause bruksområde. No har dei nye produkta deira vore på marknaden i eit år, og marknadsansvarleg ved dotterselskapet Wopas, Thomas Lindblad seier tilbakemeldingane frå marknaden har vore veldig positive. Men han legg ikkje skjul på at det er ein vanskeleg marknad å bryte inn i.

– Det ein bransje som ikkje er van til forandringar, forklarer Lindblad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier òg at mange vil halde seg til dei gamle, kjende impregnerte tre-stolpane.

Prøvefase

Thomas Lindblad fortel at dei enno er i ein prøvefase. Vidare fortel han at dei har funne fleire bruksområde og nye måtar å utvikle produktet på.

Stolpane eignar seg godt innan landbruk, både til å byggja maskinskur, og til bruk i fjøs. Stolpane korroderer ikkje slik tradisjonelle materialar gjer, og toler meir møkk og ammoniakk enn tradisjonelle materialar som vanlegvis blir brukte i fjøs.

Bryggjepålar

Sjølv om produktet enno er i ein prøvefase, har det allereie vorte teke i bruk innan hamnebransjen. Både Hamna i Göteborg, og Trondheim hamn har teke i bruk Wopas’ nye bryggepålar.

Ser lyst på framtida

Lindblad fortel at dei ser lyst på framtida, Og at beredyktig teknologi som kan resirkulerast til nye produkt kjem til å verte meir og meir viktig i åra framover.