Hallingdølen er tildelt åtte prisar i årets konkurranse, meir enn nokon annan norsk avis.
Hallingdølen er tildelt åtte prisar i årets konkurranse, meir enn nokon annan norsk avis.

Klarar å halde nivået oppe

Hallingdølen fekk flest prisar av dei norske avisene i den prestisjefylte kåringa til European Newspaper Award.

I fjor kneip Hallingdølen fire prisar i European Newspaper Award. I år vart talet dobla. 185 aviser frå 27 land over heile Europa deltek i den årlege designkonkurransen.

– Heilt fantastisk. Det er flott å få ei slik tilbakemelding på den jobben me gjer. Ekstra moro er det at me har vunne i fleire kategoriar. Innan både nyheiter, reportasjar, fotoseriar og magasin, seier redaktør i Hallingdølen, Embrik Luksengard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt nivå

Prisane fortel at lokalavisa Hallingdølen held eit godt nivå på avisdesign. Avisa presenterer bilete og tekst på ein god måte. Mange av dagens norske aviser baserer seg på såkalla malstyrt sideproduksjon. Det gjer ikkje Hallingdølen, som i staden brukar mediegrafikarar til å utføre den endelege formgjevinga.

– Prisane er eit resultat av at me er ei av få aviser som framleis har grafikarar. Me meiner det er viktig for kvaliteten på avisa. Det betyr mykje for oss som jobbar her, men først og fremst er det er viktig for å lage ei god avis for lesarane, seier redaktøren. Magasina til Hallingdølen er ein arena for å fortelje andre typar historier og bruke andre virkemiddel.

– Det er utfordrande for oss og spennande for lesaren. Det er mange som fortener ros for desse prisane. Me har ein dyktig gjeng journalistar og fotografar som jobbar godt og tenkjer kreativt. Og så har me grafikarar som er med og løftar produktet, seier Luksengard.

Mestvinnande

Dei prisvinnande artiklane femnar vidt frå nyheitsreportasjar om alt frå slakting av tamrein og brøyting i vinterfjellet til forteljande fotosaker og historiske reportasjar. Det er jakthistorier, sak om tvillingar, isklatring og livet på hundeutstillingar.

– Mange av sakene er løyst på ein kreative måte. Og det har blitt ein tradisjon med å fortelje historiske hendingar i magasina våre. Journalist Magnus Lindahl og grafikar Jarle Stanes gjer ein imponerande jobb med Sioux-opprøret i 1862 som er med i Vintermagasinet, fortel han. Også reportasjen frå då Hallingdølen feira 80 år, har fått pris.

– Her har me snakka med andre jubilantar, fortel Luksengard. Han synest det er ekstra stas å vere landets mestvinnande avis i European Newspaper Award.

Prisane blir delt ut under European Newspaper Congress i Wien i mai 2018.

Årets europeiske aviser:

* Lokalavis: Tageblatt, Luxembourg

Artikkelen held fram under annonsen.

* Regionsavis: De Limburger, Nederland

* Riksavis: Handelsblatt, Tyskland

* Vekeavis: Morgenbladet, Norge

Dei norske avisene som fekk prisar:

* Adresseavisen (3)

* Bergens Tidende (5)

* Dagbladet (4) + 2 i onlineklasse

* Fanaposten (1)

* Kvinnheringen (4)

Artikkelen held fram under annonsen.

* Sunnhordland (1)

* Hallingdølen (8)