E-CO Energi ynskjer å ta vatnet i Stolsvassmagasinet inn i ein ny tunnel direkte til kraftverket i Ruud. (Arkivfoto)
E-CO Energi ynskjer å ta vatnet i Stolsvassmagasinet inn i ein ny tunnel direkte til kraftverket i Ruud. (Arkivfoto)

Kjempar om vatnet

E-CO Energi vil bygge ut for 750 millionar kroner. Småkraft vil satse 180 millionar. Begge prosjekta er avhengige av det same vatnet. Berre det eine blir gjennomført.

10. juni skal det andre folkemøtet om utbyggingsplanane i Nordfjella i Ål og Hol haldast på Bygdahall i Hol.

– Me brukar ha eit folkemøte etter at eit nytt prosjekt er meldt. Deretter eit nytt møte når sjølve søknaden er klar, seier saksbehandlar Jacob Fjellanger i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Artikkelen held fram under annonsen.

Møta i denne saka omfattar begge prosjekta som det er søkt om. NVE reknar i tillegg med ei synfaring til hausten.

Tapar

– Nokon kjem til å tape denne striden?

– Eventuell misnøye hjå den som ikkje når fram er ikkje ein del av konsesjonssaka. Dersom nokon meiner dei kjem dårleg ut, er det noko som blir avgjort gjennom skjønn, eller i rettsvesenet, seier Jacob Fjellanger.

Eksisterande og planlagde utbyggingar knytt til Stolsvassmagasinet. Dei austre vatna; buvatn, Frosen/Mjåvatn og Rødungen høyrde før reguleringa til Votnavassdraget. Dei vestre til Urunda. I dag endar alt vatnet i kraftstasjonen i Hol.
Eksisterande og planlagde utbyggingar knytt til Stolsvassmagasinet. Dei austre vatna; buvatn, Frosen/Mjåvatn og Rødungen høyrde før reguleringa til Votnavassdraget. Dei vestre til Urunda. I dag endar alt vatnet i kraftstasjonen i Hol.
Den nyekraftstasjonenl Hol 1 Stolsvatn skal  etter planen inn i fjellet bak eksisterande kraftstasjon i Hovet. (Arkivfoto)
Den nyekraftstasjonenl Hol 1 Stolsvatn skal etter planen inn i fjellet bak eksisterande kraftstasjon i Hovet. (Arkivfoto)

– NVE si oppgåve er ei vurdering som omfattar alt frå kraft pr. investert krone til naturinngrep og andre samfunnstilhøve, opplyser saksbehandlaren.

Direktoratet håpar å ha gjort sitt val i løpet av neste vinter. Deretter skal energidepartementet avgjere.

To prosjekt

Småkraft, som samarbeider med fem lokale grunneigarar, vil nytte fallet mellom Mjåvatn og Rødungen. Vatnet som i dag renn her er på veg til E-CO sin kraftstasjon i Ruud i Hovet. Vatnet som no renn i dagen vil bli tatt inn i ein 1550 meter lang tunnel med kraftstasjon inne i fjellet. Fallet er på berre 72 meter, men det meste av vatnet frå Stolsvassmagasinet går her. Mjåvatn kraftverk vil kunne produsere straum nok til 2000 husstandar.

E-CO Energi vil på si side bygge 15 kilometer tunnel frå dammen ved Stolsvatn til fjellet ovanfor kraftstasjonen i Ruud. Då blir behovet for å føre vatn mellom Mjåvatn og Rødungen så godt som borte. Til gjengjeld vil kraftproduksjonen auke med om lag 10 prosent. Prosjektet heiter Hol I Stolsvatn og er ei oppgradering av dagens regulering. Auken i produksjon utgjer straum til 4500 husstandar.

Opprusting

Utbygginga E-CO ser for seg vil også gje ny kraftstasjon i fjellet innanfor den noverande stasjonen i Ruud. Avløpstunnelen i fjell ut til Storelva, som renn gjennom Hovet, blir om lag 500 meter lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser for oss ei byggetid på to-tre år, seier fagsjef Halvor Kr. Halvorsen i E-CO.

Kvalitetar

Begge partar peikar naturleg nok på både samfunns- og miljømessige fordelar med sitt prosjekt. Initiativtakarane bak det minste prosjektet meiner dette gir mest kraft pr. investert krone. På den andre sida meiner E-CO deira utbygging gir betre utnytting av vatnet totalt sett. I tillegg løyser det ut ei større modernisering og oppgradering av eit kraftverk der den fyrste delen vart sett i drift i 1949.

I striden om vatnet syner dei fem lokale grunneigarane til ein fersk dom frå Rana i Nordland. Her gav Høgsterett grunneigaren medhald i at fallretten tilhøyrer grunneigaren og ikkje utbyggarane. Saka handla om kraftproduksjon i fall der vatn blir overført frå eit vassdag til eit anna. Ikkje ulikt det ein finn mellom Mjåvatn og Rødungen.

Ulemper

E-CO sitt prosjekt er mest omfattande. Gjennomføring av dette vil føre til endring i vassføring og reguleringshøgder. Selskapet foreslår å auke kravet til oppfylling av Rødungen i sommarsesongen.

Utbygginga vil føre med seg deponering av steinmassar frå tunneldrivinga. Desse massane blir med åra knust og selt. Det kan og bli aktuelt å dive tunnelen med tunnelboremaskin. Tunnelen vil då få mindre tverrsnitt og dermed gi mindre uttak av masse.