annonse

Kjempar for utjamningsmandatet

Utjamningsmandat?
Utjamningsmandat?: Kven som kaprar utjamningsmandatet i Buskerud er ope. Jostein Rensel og KrF håpar å vere med i kampen. (Foto: Arkiv)
Jo­stein Ren­sel

Det er kamp om utjamningsmandatet i Buskerud. I den kampen vil også Jostein Rensel vere med.

Magnus Lindahl

For han har eit håp om å kapre utjamningsmandatet Senterpartiets Per Olaf Lundteigen har teke i dei tre siste vala.

I år er det, basert på snittet av dei nasjonale meiningsmålingane, venta å bli ein kamp først og fremst mellom Frp, Venstre og Miljøpartiet de Grønne. Men Rensel har eit håp om at KrF med eit godt val kan vere med i kampen.

– Det er fleire som kjempar om utjamningsmandatet Senterpartiet lenge har hatt. No er det plutseleg kamp mellom småpartia om dette, seier Rensel.

Sentrumspolitikk

– Kvifor stemme på deg og KrF?

– Me har ein plan på 30 punkt. Den handlar mellom anna om satsing på eit variert landbruk, me må få på plass Ringeriksbanen og Vegpakke Hallingdal. Me seier nei til nytt inntektssystem for kommunane. Det er avgjerande for ei berekraftig utvikling av bygdesamfunn at kommunane blir styrka. Næringspolitisk vil me ha mindre skattetrykk på næringsliv, spesielt på arbeidande kapital. Politikken til KrF er den beste. Den tek det beste frå høgre- og venstresida og lagar god sentrumspolitikk. Me tek vare på dei svakaste i samfunnet. Og så er eg halv halling.

– Kva ser du som største utfordring for distriktet dei kommande åra?

– Eg trur det er å få unge menneske til å flytte heim att og at nye vil flytte ut i distrikta. Mange nyutdanna har kompetanse og ivrar etter å skape noko. Unge menneske betyr også familieetablering. Det treng distrikta for å skape gode lokalsamfunn.

Større regionar

– Korleis skal KrF vere med å få det til å skje?

– Kommunane skal få betre økonomi så dei kan tilby betre tenester som gjer at folk vil trivast og bu. Skule, barnehage og kommunikasjon er avgjerande. Sørge for å bygge vegar og jernbane. Me vil satse på reiseliv og turisme. Der er det mange moglegheiter. Landbruket tilbyr eit kulturlandskap, busetnad og arbeidsplassar.

Når Rensel pratar om framtidas Hallingdal og Nore og Uvdal, er det også utan Buskerud som eige fylke. Sjølv om han meiner «regionreforma har vorte ein vits», vil han ha større regionar. Kommunereforma er han også tilhengar av, men samanslåingar skal vere frivillig.

– Min draum er at me får fem-seks store regionar i staden for fylka. Då kunne me sett det i samanheng med politiregionar og helseregionar. Høgre og Frp ønskjer å avvikle fylkeskommunen, men eg meiner me må halde på alle tre forvaltningsnivå med kommune, region og Stortinget. Det vil vere for lang avstand frå dei små kommunane. Dei treng eit regionalt nivå politikarane kan jobbe mot.

Kritikken mot den vedtekne Viken-regionen er sterk i Hallingdal og Nore og Uvdal. Men Rensel vil teikne eit nytt regionkart med endå større regionar.

– Eg ville hatt ein stor region som kan heite Austlandet. Det ville vere ein fordel. Eg støttar kommune- og regionreforma. Men slik det er no har regionreforma vorte noko heilt anna enn det KrF ville at den skulle vere, meiner Rensel.

Borgarleg regjering

KrF ønskjer i likskap med Venstre regjeringsmakt saman med Høgre etter valet.

Ved sist val fekk KrF 3,2 prosent av stemmene i Buskerud. I år siktar Rensel mot 7000 stemmer og 4,5 prosent.

– Ein borgarleg valsiger bør gi ei borgarleg regjering. Erna Solberg har fleire alternativ, seier Rensel.

– Er du fornøgd med det KrF har fått ut av å vere støtteparti til regjeringa?

– Ja. Me har 50 gode KrF-saker me har fått gjennomslag for. Men det har vore krevjande for KrF å samarbeide med Frp. Derfor har me eit vedtak som peikar på eit alternativ utan Frp.