Jubel etter at 2. divisjonsplassen var sikra. F.v. Cheyenne Gonzalez, Åsne Børtnes og Emilia Stensrud Tyribakken
Jubel etter at 2. divisjonsplassen var sikra. F.v. Cheyenne Gonzalez, Åsne Børtnes og Emilia Stensrud Tyribakken

Kjempa serieleiaren i senk

Damelaget til HFK berga plassen i andredivisjon.

Det vart ein festkveld for HFK-damene onsdag. Ikkje berre gjorde dei jobben og vann mot serieleiar Hønefoss, men då Kongsvinger 2 tapte sin kamp, kunne damelaget endeleg feire at plassen i andre divisjon er berga.

Det var spenning til siste minutt. Då det var att 15 minutt av kampen stod det framleis 1-1 mellom HFK og Hønefoss på Hallingmo. Men då dei lokale damene klarte å skåre to mål på tampen, var sigeren eit faktum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein imponerande innsatssiger mot topplaget Hønefoss, som er den klare vinnaren av avdelinga.

Plassen i andredivisjon var på ingen måte berga før i kveld. Etter at HFK-damene gjekk påeit bittert tap i Østfold sist helg, var det duka for to spennande omgangar på Gol. Men damene gjorde jobben, og kan feire at dei stiller i andredivisjon også neste år.