Sundag ettermiddag meldte politiet om ein kjedekollisjon på Rv7.
Sundag ettermiddag meldte politiet om ein kjedekollisjon på Rv7.

Kjedekollisjon på RV7

Sundag ettermiddag meldte poltiet om ein kjedekollisjon i Flå.

Kvart over fire sundag ettermiddag meldte politiet om ein kjedekollisjon på RV7. Ulykka skjedde ved Gislerud i Flå. 

Tre bilar på veg nedover dalen skal ha vore involvert i ulykka. Totalt var det fem personar i bilane. Alle vart sjekka av ambulansepersonell på staden, men det er ikkje meldt om skader. Det vart lange køar i området etter ulykka, og ei patrulje dirigerte bilar forbi ulykkesstaden.