Etter eit dårleg valresultat for SV i 2013 med berre 2,7 prosent, er målet ei dobling i år. – Det vil vere ei bragd, seier Arne Nævra
Etter eit dårleg valresultat for SV i 2013 med berre 2,7 prosent, er målet ei dobling i år. – Det vil vere ei bragd, seier Arne Nævra

Kan Nævra klare å atterreise SV?

Blir Arne Nævra SVs første stortingsrepresentant frå Buskerud sidan Magnar Bergo?

Bergo var vald inn på Stortinget frå 2001 til 2009, og i desse åra hadde SV si stordomsperiode i fylket.

Men 11,6 prosent ved valet i 2001 vart til 2,7 i 2013. Kan Nævra atterreise partiet mot gamle høgder?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Buskerud har vore eit dårleg SV-fylke tradisjonelt. Viss me doblar oppslutninga frå sist val, er det ei bragd, seier Nævra.

På gjennomsnittet av nasjonale målingar i august får partiet 5,4 prosent oppslutning.

– Det er utjamningsmandatet som er i spel. For oss er det inn og ut på gallupane, men eg føler me er i siget. Eg trur eg er ein annleis politikar, eg prøver å vere folkeleg og snakke så folk forstår.

– Eit distriktsparti

– Kvifor stemme SV i Hallingdal og Nore og Uvdal?

– SV er eit jordbruks- og distriktsparti. Der er me like tydelege som Senterpartiet. Derfor kjem me til å samarbeide bra med Sp på dette området. Skal me gå i detaljar, er me motstandarar av nærpolitireform og andre sentraliseringsreformer. Kven har bede om å få Ola Sentralisering på besøk? Det er ikkje mange, dette skjer mot folkets vilje. Det er utruleg at det ikkje går an å forstå at den lokale lensmannen og det lokale personalets kjennskap til folk i bygda gir tryggleik. Kunnskap om lokale forhold kan ikkje undervurderast. Og at til dømes NAV ikkje kan vere ope for vanlege folk, men i staden møter folk med ein nettportal, er stygg. Me vil også stoppe privatisering som er eit grufullt spøkelse.

– Kva ser du som den største utfordringa for distriktet dei neste åra?

– Ein må bremse nye framstøyt for sentralisering og arbeide for å halde på viktige institusjonar. Eg meiner ein også må vere obs på det eg kallar turistkannibalisme og usunn konkurranse i turistnæringa. Ein må løfte blikket og samarbeide i staden for å fremje eigne interesser. Og så finst det moglegheiter innan økoturisme som ikkje er utvikla. Har ein kreative idear, ligg det potensial og arbeidsplassar her, seier Nævra.

Gått for langt

Miljø og naturvern har alltid vore kampsaker for SV.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er det også for Nævra. Så korleis stiller han seg til den massive hyttebygginga i Hallingdal?

– Det går an å få veksesmerter. Eg kjenner godt til forholda i Flå og er skeptisk til dei store hytteplanane. No går dei over streken. Nesten 2000 høgstandardhytter i villmarkskommunen mot Vassfaret landskapsvernområde er ikkje bra. På lang sikt skulle ein teke vare på dette for villmarksopplevingar. Det kunne vore gull verd i framtida.

– Gjeld denne utviklinga for dei andre hyttekommunane som Nes og Hol også?

– Då må eg sjå på kvar kommune. Det er greitt med beskjeden hyttebygging, dersom det er teke omsyn til naturen. Men tap av villmark er eit stort problem i Norge no. Ein må tenkje seg om, seier Nævra, og meiner Norge ikkje lenger er noko villmarksland.

Han vil også ha eit skifte i skogbruket.

– Me vil satse på skog og kvalitetstømmer. At me får opp prisane på tømmer er eg veldig oppteken av.

– Ingen prestisjeprosjekt

I fylkespartiets program blir samferdsel trekt fram som eit sentralt område.

Men partiet ønskjer ingen nye prestisjeprosjekt som firefelts motorvegar. Nævra innrømmer at han kjenner for lite til lokale saker som Vegpakke Hallingdal som er ei viktig samferdselssak for regionen dei komande åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når det gjeld samferdsel generelt, står konkurransen mellom nedre Buskerud og dei store firefelts prosjekta og distrikta. Me er ikkje i tvil om at veksten i nedre Buskerud og i byane må komme på kollektivtrafikk og ikkje firefelts prestisjeprosjekt. Og då vil det vere meir middel til vedlikehald og utbetring i Hallingdal og Numedal. Hallingdal har også ein fantastisk moglegheit i Bergensbanen. Jernbanen er ei viktig åre, men det er avgjerande at det går tog ofte.

63 år frå Lier

Yrke: Filmprodusent og naturfotograf

Hobby: Fugletitting med kompisar. Og så følger eg med på Mjøndalen i fotball

Politisk førebilete: Ein hybrid av Hanna Kvanmo og Thorbjørn Berntsen