Per Vålnes budde på Torpo.
Per Vålnes budde på Torpo.

Ingen nye spor i Vålnes-saka

Det er no seks år sidan Per Vålnes vart meldt sakna. Framleis er forsvinninga ei gåte. Politiet er ikkje kome nærare oppklaring av det dei meiner er ei drapssak, skriv avisa Nordlys.

1. desember 2011 vart 50 år gamle Per Vålnes som i fleire år budde i Hallingdal, meldt sakna frå heimen sin i Balsfjord. Det var sambuaren som melde frå til politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsvinninga vart fyrst sett på som ei sakna-sak. Men godt eit år seinare vart seks personar arresterte og sikta for å ha drepe Vålnes. Tre personar vart tidleg sjekka ut av saka medan dei tre andre vart varetektsfengsla. Mellom dei sambuaren til Vålnes. Samstundes sette politiet i gang ein storstilt leiteaksjon etter Vålnes.

Seks år seinare er forsvinningsgåta like uløyst. Dei tre som var sikta vart sett fri i desember 2013. Halvanna år seinare la politiet bort saka.

Etterforskingsleiar Katrine Grimnes i Målselv, Bardu og Balsfjord lensmannsdistrikt opplyser at det er gjort undersøkingar utan at ein har kome vidare i saka. – Per no er det ingen aktivitet i saka, opplyser Grimnes til Nordlys.