Tidleg i november vart det køyrd skiløyper mot Prestholt. Frå veke sju skal løypene tråkkast kvar dag.
Tidleg i november vart det køyrd skiløyper mot Prestholt. Frå veke sju skal løypene tråkkast kvar dag.

Ingen glepptak for nytt løypelag

12. juli vart Geilo sti- og løypelag stifta. Fire månader seinare er dei første løypene preparerte.

– Den første vinteren kom fort for det nye løypelaget, konstaterer styreleiar Roger Espeli.

For to veker sidan var dei første skiløypene klare i lysløypa. Og før mildvêret slo til denne veka, vart det køyrd løyper mot Prestholt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– November er ofte ein møkkamånad. Men takka vere Geilo idrettslag har det vore eit yrande liv i løypene på stadion, seier Espeli.

Eitt år om gangen

Geilo sti- og løypenemnd vart stifta 12. juli.

I styret har Espeli med seg Ivar Slettemoen, Espen Nordby Andersen, Morten Mastrup, Stig Eide Sivertsen, Marit Schage Andria og Tony A. Kjøl. Bakgrunnen for stiftinga er kommunestyrevedtaket i september i fjor å opprette ei sti- og løypenemnd på Geilo. Geilo var lenge det einaste løypeområdet i kommunen som vart drifta av Hol kommune og ikkje eit eige løypelag. Det nye løypelaget består i tillegg til Geilo av Budøla-Odnak. Espeli seier dei har jobba hardt for å få alt på plass til vintersesongen.

Styreleiar Roger Espeli er offensiv før den første sesongen til Geilo sti- og løypelag.
Styreleiar Roger Espeli er offensiv før den første sesongen til Geilo sti- og løypelag.

– Det er inngått avtale med Geilo Maskin om vedlikehald og løypekøyring første vinteren. Førebels er me forsiktige og tenker eitt år om gangen, seier Espeli.

Langsiktig

For som han seier:

– Løypene har eit enormt potensial. Men dei er omfattande å drifte.

I vinter skal 13 mil med løyper haldast ope. Frå sesongstart blir det tråkka kvar helg, mens det frå veke sju skal tråkkast kvar dag, noko som vil kome serveringshyttene til gode. I tillegg kjem vedlikehald av løypene. Og så skal det satsast på stigar og løyper også sommarstid. Alt dette har ein kostnad.

– I år har me fått dei nødvendige avtalene på plass. Med har eitt års driftsavtale med Hol kommune. Me ønskjer å tenke meir langsiktig enn det, men det er usikkert om økonomi, seier Espeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva ønskjer de?

– Ein høgast mogleg sum over tid. Då kan me satse langsiktig. Slik det er no, blir tilskot behandla i budsjettet kvart år. I botnen må det ligge trygg drift som er sikra av kommunen.

– Internasjonal destinasjon

Kommunestyret har vedteke å løyve 1 million kroner frå disposisjonsfondet til løypenemnda for hausten 2018.

I tillegg er det sett av inntil fem millionar kroner til oppstart og investeringar. Men i budsjettframlegget i oktober foreslo rådmann Ole Johnny Stavn å redusere løypetilskot i kommunen med 1 million. Det var ikkje eit populært forslag.

– Skulle det blir vedteke, vil det føre til store endringar. Det hadde vore greitt å sleppe å kjempe den kampen. Me håpar politikarane iallfall ikkje gir mindre enn før, seier Espeli.

Han kallar interessa for skiløyper på Geilo «enorm». No skal løypelaget vidareutviklast med fleire medlemmer. Målet er 1500. Espeli rosar samarbeidet med Hol kommune, grunneigarar, idrettslag, serveringshytter, næringsliv og lokalbefolkninga elles.

– Stigar og løyper er vår viktigaste infrastruktur lokalt. Og det er ikkje-kommersielt. Dette er viktig for alle delar av Geilo. Me er ein internasjonal destinasjon og må halde eit høgt nivå. Me konkurrerer mot ressurssterke destinasjonar, seier Espeli.