Villreinflokkane på austsida av Imingfjell har reist vestover, og vegbrøytinga over Imingfjell starta måndag. Biletet er av ein dyreflokk på Lufsjåtangen i februar.
Villreinflokkane på austsida av Imingfjell har reist vestover, og vegbrøytinga over Imingfjell starta måndag. Biletet er av ein dyreflokk på Lufsjåtangen i februar.

Imingfjell opnar onsdag

Brøytinga av vegen over Imingfjell starta måndag. Laurdag trekte siste reinsflokken vestover til kalvingsområda på Hardangervidda.

Fylkesveg 124 over Imingfjell ligg attsnøga om vinteren, men skal brøytast før påske.

Reist på vestsida

I år har det vore uvisst når vegen kan brøytast. Årsaka er over 2.000 villrein frå Hardangervidda som trekte over på austsida mot Lufsjåtangen tidleg i februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyra har halde seg i området i over halvannan månad og delt seg i fleire flokkar. Planen var at Imingfjellvegen skulle vera køyrbar sist fredag. Av omsyn til villreinen vart brøytinga utsett.

No har dyra trekt vestover og vegbrøytinga har starta.

– Dyra har gradvis trekt vestover siste veka. Laurdag kryssa den siste flokken på 908 dyr over mot Gavelen. No har alle reist over mot kalvingsområda, fleire mil lenger vest, seier Lars Inge Enerstvedt i Statens naturoppsyn for Hardangervidda.

Måndag starta brøytinga av Fv124 over Imingfjell.
Måndag starta brøytinga av Fv124 over Imingfjell.
SNO-koordinator for Hardangervidda Lars Inge Enerstvedt er glad for at villreinen fekk gå i fred på austsida av Imingfjell før dei trekte vestover mot kalvingsområda.
SNO-koordinator for Hardangervidda Lars Inge Enerstvedt er glad for at villreinen fekk gå i fred på austsida av Imingfjell før dei trekte vestover mot kalvingsområda.
Denne flokken på 908 dyr trekte over på vestsida av Fv124 laurdag. Her har dei tatt seg ei kvil på turen.
Denne flokken på 908 dyr trekte over på vestsida av Fv124 laurdag. Her har dei tatt seg ei kvil på turen.

Brøytestart måndag

SNO har følgt dyreflokkane nøye. I palmehelga gav SNO klarsignal om at dyra har reist vestover og at brøytinga kan starte. Det er fylkeskommunane og fylkesmennene i Buskerud og Telemark som avgjer når vegen kan opnast.

– Me fekk melding om at brøytinga kan starte måndag morgon. Driftsentreprenøren vår, NCC, har maskinane klare og startar brøytinga måndag, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Buskerud, Rolf-Helge Grønås.

Brøytinga av den ni kilometer lange fjellovergangen mellom Sønstevasdammen i Uvdal og Austbygda i Tinn tek eit par dagar. Så i løpet av onsdag er vegen truleg farbar for påsketuristar.

– Ikkje skremt

Lars Inge Enerstvedt nyttar høvet til å rose alle for å ha late villreinflokkane få mest mogeleg ro dei halvannan månadene dei har halde seg på austsida av Imingfjell.

– Det har ikkje vore villrein så langt aust som på Lufsjåtangen på 18 år. Det er fantastisk å sjå at dei nyttar gamle beiteområde når det er vanskelege beiteforhold på sentralvidda. Dyreflokkane er ikkje skremt vestover. Dei har gitt seg god tid og beita seg roleg vestover. Både løypekøyrarar, løypestikkar og skituristar fortener ros for å ha følgt oppmodinga frå SNO om å ikkje forstyrre villreinen, seier Enerstvedt.