Det gjekk ikkje som planlagt for Håvard Bøkko, korkje under oppladinga eller under sundagens 5000 meter i Pyeungchang. Biletet er frå NM på Hamar i 2017.
Det gjekk ikkje som planlagt for Håvard Bøkko, korkje under oppladinga eller under sundagens 5000 meter i Pyeungchang. Biletet er frå NM på Hamar i 2017.

Ikkje optimalt for ein redusert Håvard Bøkko

Sverre Lunde Pedersen sikra Norge OL-bronse på 5000 meter sundag. Håvard Bøkko fekk ikkje den optimale oppladinga og enda til slutt på 18. plass.

Sven Kramer vann 5000 meter i OL i Pyeungchang sundag morgon, norsk tid. Sverre Lunde Pedersen var berre to tusendelar frå sølvplassen, men den hamna hos parkamerat Ted-Jan Bloemen. Håvard Bøkko skadde seg på trening i Sør-Korea under oppladinga til dette OL, og med strekk i høgre ankel og eit kutt i den andre var ikkje føresetnadene dei beste før løpet, melder NRK.

Han gjennomførte likevel på 6.24,51, 14,74 bak Kramer. Siemen Spieler Nilsen gjekk på 6.18,39, mens Lunde Pedersen fekk tida 6.11,618, som sagt to tusendelar (!) bak Bloemen (6.11,616).