Knut Anfinset (t.v.) i Hallingskarvet Skisenter og Kevin Eikrehagen i SkiGeilo ser fram til ein ny skisesong. Denne sesongen blir det for første gong mogleg å køyre i alle kommunens alpinanlegg med same sesongkort.
Knut Anfinset (t.v.) i Hallingskarvet Skisenter og Kevin Eikrehagen i SkiGeilo ser fram til ein ny skisesong. Denne sesongen blir det for første gong mogleg å køyre i alle kommunens alpinanlegg med same sesongkort.

Her kan du køyre i alle bakkane på same skikortet

For første gong samarbeider skisentera i Hol om felles sesongkort.

Det betyr at ski- og brettkøyrarar no kan bruke alle bakkar og parkar på Geilo og i Sudndalen på same skikort.

– Ei svært gledeleg nyheit. Dette vil styrke totalproduktet vårt, seier sals- og marknadsansvarleg i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen, og Knut Anfinset i Hallingskarvet Skisenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigarskiftet avgjorde

På toppen av Kikutheisen med utsikt over Geilo og Hallingskarvet meiner dei tilbodet som Slåtta Skisenter også er med på, ikkje står tilbake for noko anna.

Fornøgde kan dei også konstatere at dei endeleg har klart å samle kreftene om felles skikort. Det har vore tema i fleire år utan at eit samarbeid har vore mogleg å få til. Men etter at Geilo Skisenter vart kjøpt opp av Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen i mars, var det tid for å prøve på nytt.

– Etter eigarskiftet tok eg kontakt med Arne Pålgardhaugen. Eg spurde korleis han såg på saka, og fekk inntrykk av at han berre hadde venta på spørsmålet. «Dette vil me prøve», sa han, seier Anfinset.

Sidan har Anfinset arbeidd saman med Eikrehagen fram mot lanseringa av sesongkort i felles billettsystem.

– Det er spennande. No får me statistikk som vil vise oss korleis dette går, seier Anfinset.

Fleire skidagar

Ved inngangen til ein ny vinter har dei sjølvsagt stor tru på at samarbeidet skal få fleire til å bruke bygdas alpinanlegg.

For det er ingen tvil om at Geilo dei seinare åra tapte terreng til konkurrerande anlegg på grunn av manglande evne til fornying og utvikling. Med oppkjøpet av Geilo Skisenter i vinter har mange fått fornya tru på alpin-Geilo.

– Målet vårt er at folk skal bruke bakkane meir, og at me får fleire skidagar per sesongkort. No får me eit betre totalprodukt der me utfyller kvarandre, seier Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har kanskje det Geilo manglar litt av. Me er kjent for pudderet vårt og god off pist. Lengda på bakkane er opp mot tre kilometer med ein høgdeskilnad på 510 meter, seier Anfinset.

Transporten mellom anlegga på Geilo blir i år styrkt med tre skibussar som skal gå i faste ruter. Det er førebels ingen planar om rute mellom Geilo og Sudndalen. Men som Eikrehagen seier:

– Dette er ein start på eit samarbeid.

Sesongstart

No ser Eikrehagen og Anfinset fram til sesongstarten.

Som alltid er starten avhengig av vêret, og Eikrehagen og Anfinset håpar derfor på kulde og kvit nedbør så raskt som råd.

– Men midt i november er alltid eit mål, seier Eikrehagen.

– Basert på statistikk frå siste 35 år blir sesongstarten vår rundt 1. desember, seier Anfinset.