Satsinga på samferdsel er Høgres viktigaste distriktspolitiske verkemiddel, meiner partiets førstekandidat i Buskerud, Trond Helleland. No er han klar for valkampens siste veker. – Det blir utruleg spennande, seier han
Satsinga på samferdsel er Høgres viktigaste distriktspolitiske verkemiddel, meiner partiets førstekandidat i Buskerud, Trond Helleland. No er han klar for valkampens siste veker. – Det blir utruleg spennande, seier han

Helleland (H): Samferdsel er grunnpilaren

Kvar stemme tel når Trond Helleland og Høgre set alt inn på å kopiere sist stortingsval og få tre mandat frå Buskerud.

Siste meiningsmåling i Buskerud vart gjort av InFact for VG og presentert 20. august.

Høgre fekk her 25,7 prosent. Hadde det vore gjeldande valresultat, ville det vore ein nedgang frå 29,0 i 2013. Men to veker før valet meiner Helleland at Høgre har vind i segla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ser betre og betre ut. Det blir utruleg spennande, seier Helleland.

Veg og jernbane

– Kvifor skal veljarane i Hallingdal og Nore og Uvdal stemme Høgre?

– Samferdsel er ein grunnpilar. Det er den viktigaste innsatsfaktoren for at det skal gå bra i Hallingdal og Numedal. Det har me levert på i regjering, og det skal me halde fram med. Me skal gå vidare med vegbygging og jernbane. Ringeriksbane og Vegpakke Hallingdal er viktige. Høgre er ein garantist for at det skjer positive ting på samferdsel i Hallingdal.

– Kva ser du som den største utfordringa for regionen neste åra?

– Det er rett og slett at me må ha ein økonomi i Norge og Hallingdal som gjer at ein kan bygge ut. Me må ha ein berekraftig økonomi som gir næringsliv moglegheit til å tene pengar som igjen gir pengar i kassa til å bygge ut skular, eldreomsorg og samferdsel. Me må ha orden i økonomi, og sørge for at det er mogleg å drive verdiskaping i distriktet.

Eigedomsskatt

– Du snakkar om verdiskaping i distrikta, og du fekk spørsmål om dette under valdebatten i Gol tidlegare då fleire lurte på kvifor Høgre ikkje opnar for at kommunane kan skjerme lokalt næringsliv for eigedomsskatt?

– Det var eit godt spørsmål. Eg har teke det vidare med statsministeren og andre. Eg vil forfølge saka. Få hadde tenkt gjennom problemstillinga, men alle tiltak som vil bidra til å redusere belastninga med eigedomsskatt, synest eg er bra.

– Merkeleg at Høgre ikkje har diskutert dette før?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eigentleg er det det. Me har fokusert mest på eigedomsskatt på hus, heim og hytte. Så har me hatt skattlegginga av kraftverk med verker og bruk som har vore viktig. Då har ikkje bedriftene vore ein del av problemstillinga. Men er det mogleg for kommunane å sjå bort frå næringslivet, synest eg det er ein god idé og vil jobbe vidare med det, seier Helleland.

Distriktspolitikk

Høgre og den sitjande regjeringa har dei siste månadene vorte kritisert frå fleire hald for å rasere distrikta for arbeidsplassar.

Hardast var tidlegare Høgre-ordførar i Hol, Arne Skogheim, som varsla at han i år stemmer Senterpartiet som ein protest mot det han kalla politisk urbanisering der arbeidsplassar forsvinn frå bygd til by. Helleland understrekar partiets satsing på samferdsel som eit sentralt distriktspolitisk verkemiddel.

– Eg sat i kommunalkomiteen i førre periode då me omprioriterte ein milliard frå regionale utviklingsmiddel til fylkesvegar. I alle undersøkingar blant næringsdrivande kjem samferdsel på topp som det viktigaste distriktsverkemiddelet. Me må sørge for at ein har moglegheit til å komme seg til ei reiselivsbedrift og ut til ein marknad med varene sine. Spør reiselivet i Hemsedal og Geilo kva som er viktig.

– Skjønar du frustrasjonen over å miste kompetansearbeidsplassar som ved skattekontoret i Gol, og faren for å miste nye med det presset tingretten i Nesbyen er under?

– Ja, og ingen ønskjer at lokale arbeidsplassar blir borte. Når det gjeld ID-kontrollen på skattekontoret, må me få til gode ordningar. Men elles er det mykje du kan ordne via mobil og pc. Tingretten skal me jobbe for. Der er det Domstoladministrasjonen som styrer, men dei har fått tydeleg beskjed om at dette ikkje er noko dei kan gjere utan vidare. Me vil styrke Nes som rettssenter.

Statlege arbeidsplassar?

For det er ikkje Høgres mål å legge ned arbeidsplassar i distrikta, seier Helleland.

Spørsmålet er då: Kva gjer Høgre for å skape fleire?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har flytta ut statlege arbeidsplassar ganske kraftig. Me har ein ambisjon om å flytte arbeidsplassar ut av Oslo, både nye og eksisterande. Der har me vore offensive.

– Kan Hallingdal vente seg noko, då?

– Det kan eg ikkje forskottere og har ikkje noko konkret. Men ein kan tenkje seg at ved å bygge opp kompetansen i reiselivet, er det kanskje aktuelt med kompetansearbeidsplassar knytt til reiselivet.

Nye reformer?

– Kva skjer på «reformfronten» dersom Høgre held fram i regjering?

– Eg trur ein heile tida må sjå på utforminga og pengebruken i offentleg sektor. Kommunereforma ønskjer me å gå vidare med, men det er ikkje sikkert det blir nye rundar umiddelbart. Det er heller ikkje lagt opp til nye, store reformer neste perioden.

– Er Høgres mål éin Hallingdal kommune på sikt?

– Eg trur kommunane sjølve må tenkje gjennom kva det beste er. Eg ville heller hatt éin kommune enn to. Men det viktigaste er at kommunane må avgjere dette sjølve. Eg håpar Hallingdal ikkje legg alt på is, og ser på om det regionale arbeidet er best tent med å halde fram som no eller sjå på andre løysingar.

55 år frå Drammen. (Voks opp i Ål) 

Yrke: Stortingsrepresentant

Hobby: Me prøver å kome oss ut mykje, gjerne på ski. Gutane spelar elles fotball på Strømsgodset, og eg er mykje med der. 

Politisk førebilete: Kåre Willoch og Erling Norvik.