Eit nytt tilfelle av skrantesjuke er påvist på villrein i Nordfjella.
Eit nytt tilfelle av skrantesjuke er påvist på villrein i Nordfjella.

Har påvist nytt tilfelle av skrantesjuke

Ei dryg veke etter at den statlege fellinga av Nordfjella-reinen starta, er det no påvist skrantesjuke på villrein i Norge for åttande gong.

Reinsbukken, som fekk smittestoffet påvist i lymfeknutane, vart felt av eit fellingslag frå Statens naturoppsyn. Dette er det fyrste positive tilfellet som er påvist etter at den statlege fellinga tok til 7. november. Per 15. november hadde fellingslaget skote 64 dyr. Det er Mattilsynet som har ansvar for prøvetaking og smittehandtering. Alle felte dyr blir frakta ned til SNO sin basestasjon på Hemsedalsfjellet for prøvetaking. Positive dyr blir sende til Veterinærinstituttet for vidare testing. Negative dyr blir destruert.

– Me reknar med å finne fleire positive dyr framover. Skrantesjuke spreier seg frå dyr til dyr, og til miljøet. Det er difor me no jobbar med å fjerne heile stammen, seier Hallgeir Herikstad, CWD-koordinator i Mattilsynet.