Tom Rune Hagen (36) frå Uvdal har vore  vore borte sidan 30. juli. No er det funne sko som kan føre til oppklaring.
Tom Rune Hagen (36) frå Uvdal har vore vore borte sidan 30. juli. No er det funne sko som kan føre til oppklaring.

Har funne sko som kan tilhøyre Hagen

Frivillige leitemannskap har funne sko og andre gjenstandar som kan høyre til Tom Rune Hagen. Politiet ser ikkje bort ifrå at han kan vera utsett for ei kriminell handling.

Sist veke gjekk politiet ut med offisiell etterlysing av den 36 år gamle mannen frå Uvdal som har vore sporlaust borte i nesten to månader.

Tom Rune Hagen vart sist sett i Uvdal sundag kveld den 30. juli og meldt sakna til politiet 8. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sporlaust borte

Hagen skal ha fortalt dei han sist var i kontakt med at han skulle på fjelltur. Politiet, frivillige leitemannskap og store mannskap frå Røde Kors leita etter den sakna uvdølen utan å finne spor. Politiet avslutta den operative leiteaksjonen 20. august.

– Me har avhøyrt familien, venner, omgangskrets og dei han sist var i kontakt med 30. juli. Ingen har hatt konkrete opplysningar om kvar han kan ha reist etterpå, seier politibetjent og seksjonsleiar for etterforsking for politiet i Hallingdal og Nore og Uvdal, Halvard Jervell.

Tom Rune Hagen er 182 centimeter høg, har kraftig kroppsbygning og var truleg kledd i turklede sist han vart sett.

Interessant skofunn

Sjølv om politiet for lengst har avslutta leiteaksjonen, har familien nekta å gi opp håpet om å finne ut kva som har skjedd med Hagen.

Dei har engasjert frivillige til å halde fram leitinga fordi dei ikkje trur han kan ha tatt sitt eige liv. Ifølgje NRK, som har vore i kontakt med leiaren for den private leiteaksjonen, er familien overtydd om Tom Rune Hagen er utsett for ei kriminell handling.

Den frivillige søkegruppa har gjort interessante funn av gjenstandar som er levert til politiet. Det er blant anna funne sko som kan ha høyrt til Hagen.

Kriminell handling?

Politibetjent Halvard Jervell stadfestar at politiet har fått overlevert sko og eit par andre gjenstandar frå den frivillige søkegruppa.

– Den private og aktive søkegruppa gjer ein veldig god jobb og har gjort funn som kan stamme frå den sakna. Politiet vil undersøke både skoa og dei andre gjenstandane og vurderer fortløpande om ein skal setja i gang ny leiteaksjon, seier Jervell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvar er funna gjort?

– Både i Uvdal og lenger sør i distriktet. Men det er så store avstandar mellom funnstadene at alle funna neppe stammar frå han.

– Kan funna tyde på at Hagen er utsett for ei kriminell handling?

– Me kan ikkje sjå bort frå det.

Jervell ber publikum om å ta direkte kontakt med Gol og Hemsedal lensmannskontor på telefon 32029500 dersom dei har opplysningar eller finn gjenstandar som kan føre til oppklaring.