Ole Anders Bottolfs såg ikkje at vegen gjekk over til å bli grøft. Dermed vart han sitjande bom fast i Rudningen i Gol onsdag.
Ole Anders Bottolfs såg ikkje at vegen gjekk over til å bli grøft. Dermed vart han sitjande bom fast i Rudningen i Gol onsdag.

Hamna i grøfta

Snøfallet onsdag sette ein effektiv stoppar for Ole Anders Bottolfs. Han var ikkje den einaste.

– Eg har akkurat ringt ein kamerat. Han er på veg, seier Ole Anders Bottolfs. Han står med bilen i ei grøft i Rudningen på Gol. Det var umogeleg å sjå kor vegen slutta og grøfta starta etter snøfallet i løpet av natta og morgontimane.

– Det skulle vore brøyta, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Travel dag

Han er ikkje den einaste som vart sitjande fast i snøen denne dagen. Trond Martinsen i NAF har drege folk opp heilt sidan han starta på jobb klokka åtte.

– Og eg har fleire som ventar på hjelp, seier han, etter ein snartur innom ein bensinstasjon på Gol for litt påfyll.

Roar Holm svingar innom og dei vekslar eit par ord før det er ut på nye henteoppdrag.

Ole Anders Bottolfs såg ikkje at vegen gjekk over til å bli grøft. Dermed vart han sitjande bom fast i Rudningen i Gol onsdag.
Ole Anders Bottolfs såg ikkje at vegen gjekk over til å bli grøft. Dermed vart han sitjande bom fast i Rudningen i Gol onsdag.
Roar Holm(t.v.) hår bytt ut brøytebil med redningsbil. Trond Martinsen kastar seg inn i NAF-bilen for nye henteoppdrag. Snøfallet har gitt dei ein travel dag.
Roar Holm(t.v.) hår bytt ut brøytebil med redningsbil. Trond Martinsen kastar seg inn i NAF-bilen for nye henteoppdrag. Snøfallet har gitt dei ein travel dag.
Øygard AS er berre eitt av fleire selskap som har hatt lastebilane i sving for å halde vegane køyrbare i Hallingdal (
Øygard AS er berre eitt av fleire selskap som har hatt lastebilane i sving for å halde vegane køyrbare i Hallingdal (

Holm har køyrd brøytebil heile føremiddagen, men frå og med høgst dag går også han i gang med å trekkje opp dei som sit fast.

Det blir ein tur opp i Rudningen også, for å hjelpe Bottolfs – ein lokal kunstnar i nød. Etter litt venting fekk golingen hjelp.

– NAF kom og drog meg opp, seier Bottolfs, som til vanleg måler naturmotiv. Men det er lite grøfter.

– Let du deg inspirere av dette?

– Eg måler gjerne vintermotiv, men helst med sol og finvêr, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Låg fart og redusert framkomst

Sola trengde ikkje gjennom onsdag. På Riksveg 7 var det vinterdekke og delvis sporete. Brøytebilane køyrde jamt. Politiet melder ikkje om spesielle hendingar. Kanskje er det fordi folk avpassar farten etter forholda. Sjølv i 80-sonene gjekk det stort sett i 50–60 km/t.

Dei som skulle over fjellet må likevel bu seg på at det kan ta meir tid. Dette var status like før kl. 14, onsdag:

n Rv/ over Hardangervidda: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.

n Rv52 over Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Kan bli stengt på kort varsel.

n Fv50, Hol-Aurland: Stengt på grunn av uvêr.