Hallingdølen er prøvekanin når det digitale journalist-verktøyet INJECT skal testast ut. F.v. Aleksander Nygård Tonheim og Lars Nyre, begge frå Universitetet i Bergen, fotojournalist Sindre Thoresen Lønnes og utviklar i M’Labs Ørjan Blytt Polden.
Hallingdølen er prøvekanin når det digitale journalist-verktøyet INJECT skal testast ut. F.v. Aleksander Nygård Tonheim og Lars Nyre, begge frå Universitetet i Bergen, fotojournalist Sindre Thoresen Lønnes og utviklar i M’Labs Ørjan Blytt Polden.

Hallingdølen deltek i digital innovasjon

Hallingdølen er med i utviklinga av nytt journalist-verktøy.

Frå januar har Hallingdølen vore med på å forme det som kan bli eit nytt hjelpemiddel for journalistar verda over. Dataverktøyet INJECT skal gjera kvardagen meir effektiv og enklare for journalistar.

Andre norske deltakarar i det EU-finansierte prosjektet er lokalavisene Hordaland og Sunnhordland, Universitetet i Bergen (UiB) og ei design- og teknologibedrift som heiter M’Labs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aha-oppleving

I august var forskarane frå UiB på besøk hjå Hallingdølen. Dei synest det var interessant å få innblikk i korleis ei lokalavis jobbar.

– Me fekk mange gode innspel og nokre aha-opplevingar, seier Lars Nyre, professor i nye medium, journalistikk og teknologi.

Dette vil dei bringe vidare til utviklarane som har base i London.

Hallingdølen er prøvekanin når det digitale journalist-verktøyet INJECT skal testast ut. F.v. utviklar i M’Labs Ørjan Blytt Polden, fotojournalist Sindre Thoresen Lønnes, Aleksander Nygård Tonheim og Lars Nyre, begge frå Universitetet i Bergen.
Hallingdølen er prøvekanin når det digitale journalist-verktøyet INJECT skal testast ut. F.v. utviklar i M’Labs Ørjan Blytt Polden, fotojournalist Sindre Thoresen Lønnes, Aleksander Nygård Tonheim og Lars Nyre, begge frå Universitetet i Bergen.

På nynorsk

I Hallingdølen er det fotojournalist Sindre Thoresen Lønnes og adm.dir. Ola Stave som jobbar med prosjektet. Målet er at fleire av journalistane i Hallingdølen skal teste verktøyet på sikt.

– Kva er spesielt med INJECT?

– Det er eit verktøy som lar seg tilpasse brukarane og er tilgjengeleg i lokale versjonar. For Hallingdølen betyr dette at verktøyet fungerer på nynorsk og søkjer gjennom dei mest relevante kjeldene me treng lokalt, fortel Lønnes.

INJECT har som mål å hjelpe travle journalistar til raskt å finne uventa vinklar og idear til historiene dei lagar.

Ny vri

Eit døme på dette kan vere eit arrangement eller ei hending som gjentek seg år etter år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei siste to åra har eg laga reportasjar frå elgjakta, begge med sin eigen vri, fortel Lønnes.

Den første gongen var han med jegerar ut på jakt, den andre gongen fekk seks lokale jegerar vise fram børsa si. Kva med jakta i 2017?

– Med eit kjapt søk i INJECT kjem det opp ein nyheitssak frå NRK der forskarar ønskjer hjerneprøver av viltet. Kanskje me skal lage ein reportasje der me følgjer nokre forskarar i år, undrar Lønnes.

Hallingdølen som prøvekanin

Dataverktøyet har altså som mål å utløyse idear til nye vinklingar. Dei kan vere overraskande og morosame, men mest av alt relevante i produksjonen av originale historier. Ola Stave synest det er spennande at Hallingdølen kan vere med i utviklinga av ny teknologi.

– Eg er oppteken av at avisa skal drivast så rasjonelt som mogeleg, men framleis vere eit kvalitetsprodukt. Spennande vinklingar på sakene i avisa vil gje ein auka verdi for lesarane også, meiner Stave.

Om INJECT blir ein suksess står att å sjå.

– Verktøyet må evne å søkje effektivt i dei kjeldene me treng i Hallingdølen. Gjennom dette prosjektet er me prøvekanin og kan koma med konstruktive innspel til utviklarane, forklarar Lønnes.