Politiførstebetjent Halvard Haraldseth Jervell.
Politiførstebetjent Halvard Haraldseth Jervell.

Gutar nektar valdtekt

Dei to gutane som er sikta nektar for å ha valdteke ei jente.

Jenta og gutane har forklart seg forskjellig om kva som skjedde på ein privatfest natt til laurdag.

– Forklaringane er motstridande, og gutane nektar, seier etterforskingsleiaren i Hallingdal, politiførstebetjent Halvard Haraldseth Jervell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jenta og dei to gutane er alle under 18 år. Jervell vil ikkje gå nærare inn på kva dei har forklart til politiet.

– Me har avhøyrt fleire vitne, og me avhøyrer alle som var til stades på festen, eller som på nokon måte har hatt tilknyting til festen, seier Jervell.

Det er dessutan sikra spor. Det gjeld elektroniske spor, og me har også sikra spor som er sendt til undersøking, seier Halvard Haraldseth Jervell.