For Pål Golberg vart sprinten på Lillehammer ein nedtur.
For Pål Golberg vart sprinten på Lillehammer ein nedtur.

Golberg slått ut i kvartfinalen

Pål Golberg nådde ikkje finalen i verdscupsprinten på Lillehammer.

Starten var god. Golberg gjekk inn til tredje beste tid i prologen, der Johannes Høsflot Klæbo var aller raskast.

Utgangspunktet var derfor det beste før løparane starta kvartfinalen. Golberg møtte blant anna Høsflot Klæbo og russiske Ustjugov.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løparen frå Hallingdal såg lenge ut til å ha kontroll, men mot slutten viste Ustjugov musklar og sikra andreplassen bak Johannes Høsflot Klæbo. Golberg måtte nøye seg med tredjeplassen.

Einaste håpet til Golberg var at dei andre heata fekk dårlegare tider. Men det skjedde ikkje. Dermed rauk Golberg ut etter kvartfinale.

Kontrasten vart stor frå forrige helg i Ruka i Finland, der Golberg tok andreplassen i sprintfinalen.

Nedtur vart det også for Petter Northug jr. Han måtte sjå seg slått alt i prologen.