Pål Golberg kan sjå tilbake på ei god helg i Finland.
Pål Golberg kan sjå tilbake på ei god helg i Finland.

Golberg fekk det tøft - enda på 18.-plass

Johannes Høsflot Klæbo spurtslo Martin Johnsrud Sundby i jaktstarten i Ruka sundag. Pål Golberg enda på 18.-plass.

Det vart ein dramatisk 15 km jaktstart i finske Ruka. Johannes Høsflot Klæbo gjekk ut i tet, men vart henta inn av feltet bak på den tredje av seks rundar.

To gode dagar

Pål Golberg hang godt med, men fekk det tøft etter kvart. Han starta som nummer tre, 44 sekund bak Klæbo.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det gjekk som eg frykta, sa Golberg til NRK etter løpet. Han gjekk mykje av løpet saman med Emil Iversen.

- Me er ikkje gode nok i skøyting til å henge med heilt i toppen, sa Golberg som likevel er godt fornøgd med touren i Finland.

- Det gjekk som forventa i dag. Og så hadde eg to gode dagar, fredag og laurdag, slo Golberg fast.

No ventar Lillehammer

15 km jaktstart er ikkje favorittdistansen til Golberg, men han kom rimeleg godt frå det. I mål var han 38 sekund bak vinnaren.

No reiser han heim og gjer seg klar for verdscupsprint på Lillehammer.

Klæbo suveren

Det var Johannes Høsflot Klæbo som gjekk sigrande ut av jaktstarten i Ruka. Han vart henta inn av hovudfeltet, men slo samtlege i spurten. Martin Johnsrud Sundby vart nummer to, Alex Harvey nummer tre.

Golberg å rekne med

Laurdag gjekk Pål Golberg inn til 11.-plass på 15 kilometeren intervallstart.

Johannes Høflot Klæbo tok sigeren i sprinten fredag, følge opp med å vinne 15 kilometeren laurdag og krona det heile med å vinne jaktstarten sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pål Golberg klinka til med andreplass på sprinten fredag, vart nummer 11 laurdag og nummer 18 samanlagt i touren.

Resultatet viser at Golberg blir å rekne med denne sesongen. Det lovar godt fram mot OL i Sør-Korea seinare på vinteren.