Varer for store verdiar er stole frå denne forretninga på Gol.
Varer for store verdiar er stole frå denne forretninga på Gol.

Gol: Stal lastebil til å frakte tjuvegods verdt langt over ein million

Maskiner og utstyr for store verdiar er stole frå lokala til Traktorservice AS i Gol.

Innbrotet vart oppdaga sundag.

I løpet av helga har tjuvane brote seg inn i lokala. Fleire ATV-ar og snøscooterar er stole, i tillegg til anna utstyr. Ein lastebil som stod parkert på nabotomta er også stolen, og har mest sannsynleg blitt brukt til å frakte vekk tjuvegodset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har klypt hol i gjerdet på baksida. Så har dei brukt eit spett eller noko anna for å få opp porten inn til verkstaden. Der har dei herja på. Brote opp ein safe og stole motorsag, ryddesag, aggregat og høgtrykksspylar. Eg vil tru dei har stole for ein verdi langt bortimot halvannan million, seier dagleg leiar i Traktorservice, Roar Toppen.

Omreisande kriminelle

– Det er nok proffar som har vore på ferde, seier etterforskingsleiar i Hallingdal lensmannsdistrikt, Pål K. Mikkelrud.

Måndag jobba politiet med å skaffe oversikt over alt som er teke.

– Det er snakk om betydelege verdiar, seier Mikkelrud.

Mikkelrud vil ikkje seie kva politiet sit med av spor i saka. Men måten innbrotet er utført på, og alt utstyret som er stole, tyder på at det er proffe folk som har slått til.

– Det minner om organisert kriminalitet?

– Det kan sjå slik ut, seier Mikkelrud.

Med andre ord: Omreisande kriminelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sikra spor

Mikkelrud vil ikkje kommentere om tjuvegodset kan vere på veg ut av landet, eller om det alt er ute av landet.

Traktorservice var stengt måndag på grunn av innbrotet, mens politiet arbeidde med å sikre spor.

– Me får hjelp av krimteknikarar til å undersøke åstaden, seier Pål K. Mikkelrud.

Roar Toppen håpar etterforskinga vil gi svar på kven som står bak innbrotet.

– Det hadde vore det beste, seier Toppen.