Ordførar Petter Rukke tok i mot prosjektgruppa i Geilo 2023 i kommunestyresalen onsdag. Han ser med spenning fram mot det vidare arbeidet. Det gjer også styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli (bak til venstre).
Ordførar Petter Rukke tok i mot prosjektgruppa i Geilo 2023 i kommunestyresalen onsdag. Han ser med spenning fram mot det vidare arbeidet. Det gjer også styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli (bak til venstre).

Geilo stakar ut kursen neste tiåret

Prosjektet Geilo 2023 skal stake ut kursen for bygda neste tiåret. Målet er at Geilo skal ta posisjonen som den leiande turistdestinasjonen i landet.

Den statusen kan ikkje Geilo skryte på seg i dag, i ein marknad med hard nasjonal og internasjonal konkurranse.

– Det går bra, men det er mykje potensial å ta ut. Me vil bli endå sterkare, seier styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Taper terreng

Onsdag føremiddag inviterte Visit Geilo og Espeli til oppstartsmøte for Geilo 2023. Espeli leier styringsgruppa som i tillegg til resten av styret i Visit Geilo har med ordførar Petter Rukke. Vidare er det danna ei prosjektgruppe på 18 personar frå ulike bransjar. Dei skal stake ut kursen dei neste 10–15 åra. På møtet onsdag vart det presentert resultat frå ei merkevareanalyse som firmaet Storylounge og Fredrik Geelmuyden har utarbeidd på oppdrag frå Geilo Holding. Geilo Holding eig det meste av alpinbakkar i bygda. Espeli peika på nokre hovudmoment:

* For få turistar brukar Geilo som utgangspunkt for ferien.

* Geilo har færre utanlandske turistar enn andre turiststader. Taper terreng i viktige marknader.

* Geilo har over tid mista grepet om Austlandet. Nye generasjonar har ikkje noko forhold til Geilo.

* Hemsedal, Trysil, Beitostølen og Hafjell rykkjer frå Geilo på felta langrenn, alpint, sykkel og vandring.

* Geilo har hatt ei for utydeleg organisering, ikkje minst med ei oppstykka samansetjing av eigarsida.

Realistiske mål

Med Geilo 2023 skal store og små aktørar samlast for å styrke destinasjonen.

Tydelege mål på kort og lang sikt skal etablerast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette handlar ikkje berre om rå vekst, men også rett vekst. Det er konkurranse om gjestene, så me kan ikkje sitte stille. Geilo 2023 er eit fint bilete. Mål innan fem år er overkomelege og realistiske å strekke seg etter. Me skal ikkje tenke oss om i fem år, seier Espeli, og viser til noko som alt har kome ut av eit breiare samarbeid:

* Transferbuss frå Gardermoen til Geilo fredag, laurdag og sundag i vintersesongen.

* Felles booking.

* Meir samarbeid om marknadsføring.

Bygdemøte

Det er Visit Geilo som skal organisere arbeidet, og Espeli meiner Geilo 2023 har fått ein positiv start.

Bygdefolket skal også takast med på råd. I slutten av september blir det folkemøte.

– Me vil ha med oss meiningane ute på gata. Me trur dette er interessant for folk, seier Espeli.

Ordførar Petter Rukke er spent på det vidare arbeidet og kallar det «meget interessant».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det passar som hand i hanske med kommunens samfunnsdel. Dette er ein god veg å gå, og eg har tru på at dei vil ta med ungdom også. Eg skal prioritere dette, seier Rukke.