Det brann i ein garasje i Rudningvegen,  Ål, tysdag.
Det brann i ein garasje i Rudningvegen, Ål, tysdag.

Garasje brann ned

Det begynte å brenne i ein garasje i Ål tysdag morgon.

Brannmannskap og politi rykte ut til ein brann i Rudningvegen i Ål på morgonkvisten tysdag. Det hadde teke fyr i ein garasje, og det var lenge fare for at brannen kunne spreie seg til eit bustadhus. Redningsmannskapa prioriterte å redde huset, og garasjen brann ned.

Innsatsleiar Odd Halvard Seterdal i politiet fortel at det var sterk varme, noko som førte til skadar på husveggen. Det ytste laget av glasa vart knust, og skadane på bustadhuset skal vurderast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Garasjen vart raskt overtent, men ein rakk å flytte bilane som stod parkert utanfor. Seterdal seier dei ikkje har noko klar meining om kva som var årsaka til brannen tysdag morgon.

Ingen personar vart skadd i brannen.