Ved 16-tida laurdag vart den omkomne lokalisert i bot­nen av ein berg­skrent ved Skogshorn.
Ved 16-tida laurdag vart den omkomne lokalisert i bot­nen av ein berg­skrent ved Skogshorn.

Funnen under bergskrent

Laurdag vart ein mann funnen omkomen ved Skogshorn i Hemsedal.

Politiet trur den omkomne mannen er identisk med ein mann som fredag vart meldt sakna. Laurdag vart det sett i gang ein stor leiteaksjon. Leitemannskapa fann fyrst bi­len til den sak­na og sei­na­re ein død person.

Stor leiteaksjon

I aksjonen deltok eit par ek­vi­pa­sjar frå Nors­ke Rednings­hun­dar og 20–25 per­so­nar frå Røde Kors hjel­pe­korps. I til­legg var luft­am­bu­lan­sen, eit fly frå Klanten på Gols­fjel­let, og eit Sea King red­ningshe­li­kop­ter sett inn i søk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved 16-tida laurdag vart den omkomne lokalisert av Sea King-helikopteret i bot­nen av ein berg­skrent ved Skogshorn.

Bistand frå Kripos

Det er for tid­leg å slå fast at det er den sak­na som er fun­nen, opplyser politiadvokat Janne Skille ved Sør-Øst politidistrikt på Hønefoss.

– Me trur me veit kven den omkomne er, men så langt har me ikkje sikker identifikasjon. Me har bedt Kripos om bistand til ID-arbeidet, seier Skille til Hallingdølen måndag ettermiddag.

Sakna latviar

Den sak­na er ein latvisk stats­bor­gar i 30-åra som bud­de og ar­beid­de ved eit hotell i Hemsedal. Det var ar­beids­gje­va­ren som mel­de han sak­na fredag.

Ifølgje politiadvokat Skille er det ik­kje mis­tan­ke om at den om­kom­ne er ut­sett for ei kri­mi­nell hand­ling.

– Mannen er sendt til obduksjon. Me har ikkje fått obduksjonsrapporten enno, seier Skille.

Pårørande til den sakna latviske mannen blir haldne orientert om saka.