Odd Halvard Seterdal.
Odd Halvard Seterdal.

Funnen i live av redningsmannskapa

Ein tysk turist vart teken av snøskred vest for Haugastøl onsdag.Ved 16-tida vart kvinna funnen i live av redningsmannskapa.

Det var ein lavinehund som fann kvinna under snøen. Funnet vart konstatert etter 10 minutts søk. Dermed fekk leiteaksjonen etter den sakna skiløparen ein lykkeleg slutt.

Teke av skred

Det var ved 13-tida at politiet fekk melding om at det var gått eit snøskred mellom Haugastøl og Finse. Skredet gjekk ved Gråskallen, og ein person vart meldt sakna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart slått full alarm. Fleire snøscooterar og 23 mann vart sendt inn i fjellet. Men uvêret skapte store problem. Redningsmannskap vart derfor etter kvart køyrt inn til leiteområdet med tog i staden for snøscooter. Ved 14-tida var dei første mannskapa komne fram til rasstaden. 

Stengde Bergensbanen

Redningsmanskapa fekk etter kvart inn fleire hundeekvipasjar i leitinga.

Ved 13.50-tida vart Bergensbanen stengt

Den raude sirkelen syner området der skredet har gått.
Den raude sirkelen syner området der skredet har gått.
Hundeekvipasjar var med i søket etter den tyske skiløparen.
Hundeekvipasjar var med i søket etter den tyske skiløparen.

– Politiet bad om at me stoppa all togtrafikk på grunn av leiteaksjonen, opplyste pressekontakt Harry Korslund i Bane Nor til Hallingdølen.

Helikopter måtte snu

Den sakna skiløparen var med i ei gruppe på seks tyske skiløparar som gjekk frå Haugastøl tidlegare på dagen. Politiet var difor sikre på at ingen andre var tekne av raset. Dei andre i følgjet vart frakta ned til Haugastøl med tog.

På grunn av det dårlege vêret var det umogleg å få sendt inn helikopter. To lavinehundar frå Rygge vart sendt i eit Sea King-helikopter til Haugastøl, ein redningshund til kom i bil. Det vart forsøkt å sende opp redningsmannskap frå Voss, men dei måtte snu. Eit redningshelikopter frå Sola måtte også gi seg.

Overlevde

Den tyske skituristen vart funnen i live av redningsmannskapa ved 16-tida onsdag, opplyser lensmann i Hol, Torstein Seim.

Kvinna vart funnen av ein lavinehund. Ho hadde då ligge under snømassane i fleire timar, men tilstanden var etter forholda bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norske Redningshunder hadde sju lavinehundar med i søket i skredområdet.

Kvinna vart frakta med tog frå skredområdet til Geilo der ho vart teken hand om av legepersonell.