Ein hektisk valkamp nærmar seg slutten for Morten Wold. No er han klar for fire nye år på Stortinget.
Ein hektisk valkamp nærmar seg slutten for Morten Wold. No er han klar for fire nye år på Stortinget.

Frp-Wold til kamp mot skatten

For Morten Wold er politikk både jobb og hobby. Og han er klar for fire nye år på Stortinget.

Wold vart vald inn i nasjonalforsamlinga for første gong i 2013, og har saman med Jørund Rytman vore Frps representantar på buskerudbenken.

– Så spørst det om eg får med meg Jon Helgheim etter valet. Det blir jamt i Buskerud, og spørsmålet er kven som tek utjamningsmandatet, seier Wold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Infrastruktur

– Kvifor stemme på deg og Frp?

– Det er forutsigbart på borgarleg side. Blir det borgarleg fleirtal, blir det ei borgarleg regjering. Samla sett løftar me infrastruktur med bygging av vegar og jernbane. Me støttar Ringeriksbanen og Vegpakke Hallingdal. Så har me diskusjonen kring eigedomsskatt. Den vil me fjerne, fordi me meiner folk skal få behalde meir av eigen inntekt.

– Kva er den største utfordringa for Hallingdal dei neste åra?

– Ein må sørge for ei framoverlent og innovativ tilnærming mot dei store regionane. Der er samferdsel viktig, så ein får knytt Hallingdal nærare Hønefoss og vidare til Oslo og Gardermoen. Så kjem utbygginga av teknologi som må halde fram. Då kan ein like godt arbeide frå Gol og Geilo som frå Karl Johan.

Eigedomsskatt

– Hallingdalskommunane hentar inn 60 millionar kroner i eigedomsskatt frå bustader og hytter. Frp vil fjerne eigedomsskatten, men kvar skal kommunane kutte?

– Me ser at mange kommunar går betre enn før. Derfor meiner me at ein med små grep som å jobbe smartare, effektivisere, samlokalisere og spare der ein kan, reduserer noko. Det er ein uting at ein må skatte av å bu i eigen bustad. Personskatten har me også redusert, seier Wold, og trekkjer inn høgresidas klassiske teori om dynamisk skattepolitikk for å grunngi kvifor skattelette er eit gode. – Med lågare skattar får folk behalde meir av inntektene sine. Det stimulerer folk til å arbeide meir, noko som igjen vil gi større skatteinntekter.

Flå kommune vedtok å innføre eigedomsskatt i desember i fjor, og skatten er ein føresetnad for at kommunen no satsar fleire millionar på ny barnehage og idrettsbane. Wold innrømmer at behovet for eigedomsskatt kan variere frå kommune til kommune.

– Nokre er nok meir avhengige av desse pengane enn andre. Og det er ikkje snakk om at eigedomsskatten blir borte over natta. Det er snakk om ei utfasing og må tilpassast gradvis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil Frp jobbe for at kommunane kan redusere skattetaksten for næringslivet?

– Det kan vere ein god tanke som ein del av ei nedtrapping. Dette har me ikkje drøfta, men eg er ikkje avvisande til tanken. Elles har regjeringa redusert selskapsskatten og vil sjå på tiltak for å styrke norsk eigarskap.

Eit enklare liv?

Heller ikkje Frp har sloppe unna kritikk i debatten om dei mange reformene som er innført siste perioden.

I Hallingdal har Frp-veteranen Harald Aagaard varsla at han no støttar Senterpartiet. Årsaka er det han kallar ein knallhard sentraliseringspolitikk som råkar distrikta. Wold meiner regjeringas utflytting av arbeidsplassar og satsing på samferdsel er gode argument for at partiet ikkje gløymer distrikta.

– Mange av Frps kjerneveljarar bur ikkje i bysentera og er ikkje ein del av kaffe latte-drikkande generasjonen innanfor ring 1 i Oslo. Våre veljarar er i heile landet.

Og sjølv om Frp støttar endringane i Skatteetaten, seier Wold at han skjønar frustrasjonen over å miste lokale kompetansearbeidsplassar.

– Dessverre ramma dette Gol og vårt fylke no, seier Wold.

Nedlegginga av skattekontoret i Gol, og dermed bortfallet av ID-kontroll, råka mange reiselivsbedrifter som har utanlandske sesongarbeidarar. Hallingdølen skreiv i sommar også om ei kvinne frå Geilo som køyrde 452 kilometer tur-retur Drammen for ein ID-kontroll som tok 4 minutt og 46 sekund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frp har eit slagord om å gjere kvardagen enklare for folk. Er dette å med på å gjere kvardagen enklare?

– Nei, det er det ikkje. Slike tilfelle må ein få gjort noko med. Det skulle vere mogleg å få til. Dette blir litt «Heia Norge», seier Wold.

50 år frå Vikersund 

Yrke: Stortingsrepresentant

Hobby: Politikk er både jobb og hobby. Men eg følgjer med på engelsk fotball og Manchester United 

Politisk førebilete: Som ung var det Kåre Willoch, men etter kvart var det Carl I. Hagen som trefte meg mest