Ordførar Hallvor Lilleslett held opningstale under nyopninga av Glitre friluftsområde ved den kunstdekorerte kulverten ved Mobrua i Gol.
Ordførar Hallvor Lilleslett held opningstale under nyopninga av Glitre friluftsområde ved den kunstdekorerte kulverten ved Mobrua i Gol.

Friluftsområdet på Glitre glitrar

– Eg vil gratulere Gol-samfunnet med eit flott og oppgradert friluftsområde som blir til glede både for golingar og tilreisande.

Gol-ordførar Hallvor Lilleslett er i snorlippingsmodus for tida.

Glitrande ved Glitre

Tysdag klipte han snora under nyopninga av Vesterhuset barnehage. Dagen før brukte han saksa ved Mobrua under gjenopninga av Glitre friluftsområde, og kunstprosjektet i kulverten til design- og handverkselevane ved Gol vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Badeplassen ved Mobrua mellom Hallingdalselva og Rv7 har vore ein populær møteplass og eit rekreasjonsområde for golingane i mange år. No har området fått ei etterlengta oppgradering før sommarsesongen.

– Det er ei glede for meg å gjenopne Glitre friluftsområde. Arbeidet har pågått over fleire år. Kunstprosjektet i kulverten er siste hand på dette arbeidet, sa Lilleslett.

Kunst, sandvolley og grill

For to år sidan fekk Gol kommune 320.000 kroner frå Buskerud fylkeskommune til å oppgradere friluftsområdet. I tillegg til har Gol Byggdrift bidrege med eigne midlar.

Sandvolleyballbanen og Glitre friluftsområde er Gol sitt svar på Copacabana i Rio de Janeiro.
Sandvolleyballbanen og Glitre friluftsområde er Gol sitt svar på Copacabana i Rio de Janeiro.
Ei opprusting av badeplassen ved Mobrua er neste prosjekt ved  Glitre friluftsområde.
Ei opprusting av badeplassen ved Mobrua er neste prosjekt ved Glitre friluftsområde.
Ordførar Hallvor Lilleslett klipper snora under nyopninga av Glitre friluftsområde. Snorhaldarar er  Hanne Cecilie Nes og Petter Owesen.
Ordførar Hallvor Lilleslett klipper snora under nyopninga av Glitre friluftsområde. Snorhaldarar er Hanne Cecilie Nes og Petter Owesen.

Ordføraren orienterte dei frammøtte om statusen for Glitre friluftsområde etter oppgraderinga. Mykje arbeid er gjort i området.

Toaletta er tilpassa rullestolbrukarar og universelt uforma med steinlagt inngangsparti. Sandvolleyballbane er ferdige og klare til opningsturnering. Det er laga grill til allmenn bruk for å redusere bruken av eingongsgrillar. Dei raude benkene har fått ny farge.

Det står framleis att arbeid som skal gje friluftsområdet siste finpussen. Nytt inngangsskilt og nytt informasjonsskilt om Glitre friluftsområde skal på plass i løpet av kort tid. Grillen skal forblendast med kleberstein, og parkeringsplassane skal bli betre markert.

Badeområdet neste

– Neste år er det friluftslivets år. Miljødirektoratet har oppmoda kommunane om å forsterke innsatsen med å leggje til rette for friluftsliv, med opparbeiding, skilting og merking av friluftsområde, turvegar, stigar og løyper. Oppgraderinga av Glitre friluftsområde er eitt av fleire tiltak Gol kommune gjer. Og meir skal det bli, sa ordføraren og takka alle involverte for godt utført arbeid.

Neste år står badeområdet for tur til å rustast opp. Planen er å reinske og leggje ny duk og sand i badekulpen, laga baderampe og betre tilkomst til svaberga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det avheng av om me får tilskot frå fylkeskommunen, sa ordførar Lilleslett.