3. mars 2015. Frå rettssaka i Hallingdal tingrett der dei tre tiltalte fekk strenge dommar.
3. mars 2015. Frå rettssaka i Hallingdal tingrett der dei tre tiltalte fekk strenge dommar.

Frifunne for gjengvaldtekt

Tre menn vart frifun­ne for gjengvaldtekt i Hemsedal. Men fagdommarane i Borgarting lagmannsrett var usamde med juryen – og oppheva avgjerda.

Dermed blir det ein ny runde i lagmannsretten.

– Eg meiner det var grunnlag for dømme alle tre. Juryens avgjerd kom overraskande, seier statsadvokat Jan Eivind Norheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryens avgjerd står i sterk kontrast til dommen i Hallingdal tingrett i mars i fjor. I ein knusande dom vart dei tre Oslo-mennene dømde til lange fengselsstraffer. To av dei til fengsel i seks og eit halvt år, tredjemann til seks års fengsel. Dei anka dommen. I denne veka vart forhandlingane i Borgarting lagmannsrett i Drammen avslutta ved at juryen ville frifinne dei. Juryen svara nemleg nei på skuldspørsmålet.

Tungt for jenta

– Jenta tek avgjerda til juryen tungt, men ho er sjølvsagt glad for at lagdommarane sette avgjerda til side sjølv om det betyr at ho må forklare seg ein gong til, seier bistandsadvokat Elisabeth Hagen.

– Føler ho at ho ikkje er trudd?

– Det er hennar oppleving. Ho er ikkje i tvil om kva ho vart utsett for. Men dei tre fagdommarane som sette rettsavgjerda til side var heilt sikre, og det skal mykje til å oppheve ei juryavgjerd.

– Kritisk forsvarar

– Dette er spesielt. Eg reagerer sterkt fordi moglegheita til å oppheve juryens avgjerd er snever og ikkje meint for slike saker. Dette har ikkje noko med juss å gjere, men det er den sunne fornuft som er sett til side, seier ein av forsvararen, Arne Seland.

– Korleis reagerer klienten?

– Han reagerer sjølvsagt. Etter å ha vore i himmelen i to minutt går det rett til helvete att.

– Frivillig

Dei tre mennene møtte den då 18 år gamle jenta på by’n i Hemsedal. Ho var på ferie med mor si, veslesyster og ei venninne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho vart invitert med på eit nachspiel i den såkalla «harryhytta». Påtalemakta meiner at ho vart lurt til å ta partydopet MDMA, og at ho som ein følgje av det mista kontrollen over seg sjølv slik at dei tre mennene kunne forgripe seg på ho. Først i «harryhytta» og etterpå i campingvogna der dei budde. I retten erkjente dei å ha hatt samleie med henne i campingvogna, men at det var frivillig frå hennar side.

Hallingdal tingrett slo fast at dette ikkje var truverdig. Retten konkluderte med at ho var medvitslaus og ute av stand til å setje seg imot den seksuelle omgangen. Ho vart nedverdigande behandla og omsynslaust seksuelt utnytta, uttalte retten.

Kva juryen i Borgarting lagmannsrett la til grunn er det ingen som veit. Juryen, som består av til lekmenn og kvinner, grunngir ikkje avgjerda si.

– Det er eit tankekors, seier Elisabeth Hagen.

– Det er ein samrøystes dom i tingretten. Men kva juryen har lagt til grunn veit me altså ikkje.

Av Arne Ole Lindahl

I Hallingdal tingrett vart tre menn dømde for å ha valdteke ei 18 år gammal jente på skiferie i Hemsedal.

Gjengvaldtekt heiter det. Dommen var knusande både i innhald og slutning. Fengsel i seks og eit halvt år for to av dei og seks år for tredjemenn. I Borgarting lagmannsrett denne veka frikjente juryen dei tre. Men fagdommarane var usamde med juryen, og sette rettsavgjerda til side.

Eg har skrive om denne saka sidan dei tre mennene vart arrestert. Eg følgde forhandlingane på nært hald i tingretten. Ei grov sak, ei kvalmande sak som gjorde inntrykk. Eg er sikker på at me hadde høyrt den berømte knappenåla falle til golvet under forklaringa til jenta.

Det er slik i norsk rett at ein skal dømmast av sine likemenn. Det er lekmenn og kvinner som sit i fleirtal, anten det er i tingretten eller i lagmannsretten. I dei store straffesakene, dei med ei strafferamme på meir enn seks års fengsel, er det ein jury på ti menn og kvinner som avgjer skuldspørsmålet. Problemet er at juryen berre skal svare ja eller nei. Juryen grunngir ikkje avgjerda. Slik som i Borgarting lagmannsrett denne veka.

Ingen veit kvifor juryen ville frikjenne. Kvifor trur dei ikkje på jenta? Lyg ho? Kvifor trur dei meir på tre festeglade menn som hadde gått på hasj og partydopet MDMA denne helga i Hemsedal slik dei erkjente i tingretten? Kvifor er det så stort sprik i avgjerda til ein sorenskrivar og to meddommarar i Hallingdal og ein jury i tinghuset i Drammen?

Det er slike avgjerder som nører opp under kritikken av jurysystemet vårt. Det er snart berre forsvarsadvokatane som vil ha dette systemnet, og det forstår eg godt etter avgjerder som den i lagmannsretten i denne veka. Det er mange som stiller spørsmål ved rettstryggleiken når juryen ikkje må grunngi avgjerda, og når me veit at det er nok at fire i juryen svarar nei på skuldspørsmålet. For at ein person skal kjennast skuldig må nemleg minst sju av jurymedlemmene svare ja.

Verken dei tiltalte eller dei fornærma veit kvifor juryen har vurdert skuldspørsmålet som den har gjort. Har juryen vurdert bevisa godt nok? Har dei forstått saka og jussen? Men det er eit tryggingsnett her. Fagdommarane kan setje juryens avgjerd til side dersom retten er overbevist om at den er feil.

Slik som i saka frå Hemsedal. Dommarane skal vere hundre prosent sikre på at den tiltalte er skuldig – eller ikkje. Det ligg i botnen i vår rettspleie. Då er det eit tankekors at juryen ikkje må seie kvifor. Det går på rettstryggleiken laus.