Ei kvinne i 70-åra er kritisk skadd etter ei møteulykke på Rv7 i Satakroken i Ål torsdag.
Ei kvinne i 70-åra er kritisk skadd etter ei møteulykke på Rv7 i Satakroken i Ål torsdag.

Framleis kritisk for skadd kvinne

To personbilar frontkolliderte på Rv7 i Ål torsdag.

Ulykka skjedde i 11-tida torsdag då ein av dei to bilane kom over i motsett køyrefelt ved Satakroken aust for Ål sentrum. Ei kvinne i 70-åra vart livstrugande skadd i møteulykka.

Kvinna var på veg vestover. Etter å ha fått medisinsk hjelp på staden vart ho floge til Ullevål universitetssjukehus i luftambulanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilstanden hennar er framleis kritisk, opplyste Arnstein Skår,Politiet i Sør-Øst, fredag ettermiddag.

Trafikk-kaos

På veg austover køyrde ein mann i 60-åra. Han vart sendt til Ringerike sjukehus, men er ikkje alvorleg skadd.

Det oppstod lange køar ved ulykkesstaden. Det stod bilar heilt frå Satakroken til Ål sentrum, og like langt andre vegen. Ein dirigerte personbilane via Opsata-vegen i Sando, mens tyngre køyretøy fekk beskjed om å velje andre ruter. Etter kvart fekk også bussar og vogntog bruke omkøyringsvegen, men desse måtte då sleppast fram puljevis på den smale bygdevegen.

Ei kvinne i 70-åra er kritisk skadd etter ei møteulykke på Rv7 i Satakroken i Ål torsdag.
Ei kvinne i 70-åra er kritisk skadd etter ei møteulykke på Rv7 i Satakroken i Ål torsdag.
Ei kvinne i 70-åra er kritisk skadd etter ei møteulykke på Rv7 i Satakroken i Ål torsdag.
Ei kvinne i 70-åra er kritisk skadd etter ei møteulykke på Rv7 i Satakroken i Ål torsdag.

Stengt i sju timar

Ved så alvorlege hendingar skal ulykkesstaden undersøkjast nøye. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen og krimteknikarar frå politiet, samt dei som skulle rydde opp etter ulykka, vart fyrst ferdige på staden rundt klokka 18 torsdag kveld. Vegen hadde då vore stengt i sju timar.

Politiet kan førebels ikkje seie kvifor dei to bilane kolliderte, men vitne er avhøyrt. Båe bilane er norskregistrerte.