Ulykka skjedde ved Skulevikstølen på Hardangervidda.
Ulykka skjedde ved Skulevikstølen på Hardangervidda.

Føraren nesten uskadd

Ein polsk mann kom frå ei utforkøyring på Rv7 over Hardangervidda onsdag morgon med skrubbsår og eit kutt i hovudet.

Trailersjåføren køyrde eit norskregistrert køyretøy då han sklei av vegen i ein slag høgresving i nærleiken av Skulevikstølen.

Mannen vart sendt til legevakt på Voss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen vart sendt til sjukehus med nokre små skrubbsår og eit kutt i hovudet, seier seksjonsleiar for nærpoliti og beredskap, Jan Koldal.

Ulykka vart meldt klokka 04.13 onsdag morgon, og nødetatar frå Geilo rykka ut. Då politipatruljen kom fram, var vegbanen våt og glatt. Det var ingen andre involverte i ulykka.

– Heldigvis gjekk det bra, seier Koldal.

Store mengder diesel rann ut frå tanken på den havarerte traileren. Noko av dette vart etterkvart fangar opp.
Store mengder diesel rann ut frå tanken på den havarerte traileren. Noko av dette vart etterkvart fangar opp.
Føraren av traileren er skadd. Omfanget er ukjent.
Føraren av traileren er skadd. Omfanget er ukjent.

Store mengder diesel rann ut frå tanken på den havarerte traileren etter ulykka. Ansvaret for oppreinskinga er det brannvesenet i Eidfjord som har. Vest politidistrikt melde to timar etter ulykka at brannvesenet var på veg med lenseutstyr. Kor store mengder det er snakk om, er førebels ukjend. Det er Vest politidistrikt som etterforskar saka.