Fleire fekk trøbbel på det glatte føret på Fv40 ved Dagali måndag ettermiddag. Føraren av dette vogntoget greidde ikkje å bremse opp for eit anna vogntog som stod på tvers. Dermed enda det i grøfta.
Fleire fekk trøbbel på det glatte føret på Fv40 ved Dagali måndag ettermiddag. Føraren av dette vogntoget greidde ikkje å bremse opp for eit anna vogntog som stod på tvers. Dermed enda det i grøfta.

Fleire vogntog i grøfta

Fleire vogntog fekk trøbbel på norske vintervegar måndag. – Eg stod rett ved og høyrde smellet.

Det fortel Frode Aaslid. I 14-tida måndag ettermiddag var han vitne til fleire utanlandske vogntog som skapte kø og kaos på Fv40 ved Dagali.

Nullføre og sukkersnø

Aaslid kom køyrande frå Rødberg i retning Geilo. I bakkane ned mot Dagali passerte han den første som var i trøbbel, eit grønt svenskregistrert vogntog som hadde sklidd av vegen. Like etterpå måtte han stoppe på grunn av at eit blått polskregistrert vogntog (foto 2) stod på tvers i vegen i bakken ovanfor Joker-butikken i Dagali.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var nullføre og 2–3 centimeter med våt sukkersnø. Føraren burde lagt på kjettingar før han heldt fram opp bakkane mot Geilo, seier Aaslid. Men føraren hadde ikkje kjettingar.

Tre på rad

På begge sider av vogntoget, stod det bilar i kø. Og då eit kvitt vogntog (foto 1) kom ned bakkane, greidde heller ikkje han å stoppe.

– Bil og hengar saksa då han prøvde å bremse opp. Det enda med at bilen velta i grøfta, fortel Aaslid som også var vitne til at føraren krabba tilsynelatande uskadd ut av førarhuset.

Vogntoget mangla kjettingar og hamna på tvers av Fv40 i bakkane opp frå Dagali.
Vogntoget mangla kjettingar og hamna på tvers av Fv40 i bakkane opp frå Dagali.

Politiet har så langt ikkje tvitra om hendinga, og måndag ettermiddag var det heller ikkje råd å kome gjennom til politiet sin operasjonssentral i Tønsberg.

– Det siste eg høyrde var at dei ventar på bergingsbil frå Eidfjord. Då snudde eg tilbake mot Rødberg for å kome meg til Nesbyen via Tunhovd, seier Aaslid.