annonse

Flå: To til sjukehus etter ulykke

Rykte ut
Rykte ut: Politiet og dei andre nødetatane rykte ut til ei trafikkulykke i Flå fredag ettermiddag. (Foto: Arkiv)

Like før klokka 12.30 fredag melde politiet om ei trafikkulykke på Rv7 ved Gulsvik i Flå.

Tone Merete Tho

Både ein bil, lastebil og mc skulle vera involvert i ulykka. Då nødetatane kom til staden såg dei at ulykka ikkje var så alvorleg som ein kunne frykte. Luftambulansen vart dermed beden om å snu. 

To personar vart sendt til sjukehus, dei var førarar av mc og personbil.

Ulykka skjedde ifølgje Politiet i Sør-Øst då ein personbil bremsa og vart påkøyrt bakfrå av ein lastebil. Bak der igjen kom ein mc og køyrde inn i lastebilen.

Rv7 var lenge heilt stengt på staden, men klokka 13.30 var eit køyrefelt opna og trafikken vart dirigert manuelt forbi. Klokka 14 var Rv7 heilt open att.