Nordfjella-reinen skal fjernast innan 1. mai 2018, trass i klare råd frå lokale og sentrale fagekspertar om to års saneringsperiode.
Nordfjella-reinen skal fjernast innan 1. mai 2018, trass i klare råd frå lokale og sentrale fagekspertar om to års saneringsperiode.

Faggruppe overkøyrt av Dale

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) og miljøstyresmaktene har bestemt at villreinstamma i Nordfjella skal utryddast innan 1. mai 2018. Dette er i strid med tilrådinga frå ei faggruppe med lokale og sentrale ekspertar. Gruppa foreslo to års saneringstid.

I arbeidet med saneringa av Nordfjella-reinen er både villreinforvaltninga og lokale og sentrale representantar på tvers av faginstansar blitt overkøyrt av landbruksministeren og miljøstyresmaktene. Dette går fram av ein rapport Hallingdølen har fått tilgang til.

Den mest usikre metoden

Den endelege saneringsrapporten frå Mattilsynet og Miljødirektoratet vart publisert 15. juni. Då vart det klart at villreinstamma i Nordfjella skal utryddast innan 1. mai 2018. Det samsvarar ikkje med tilrådinga frå arbeidsgruppa bak delrapporten om inndriving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha drøfta ulike sider ved å drive villrein i kve, startar dei vurderinga si slik: «Dersom uttak av heile stamma i Nordfjella sone 1 skal gjennomførast innan 1. mai 2018, må me førebu og bruke alle hensiktsmessige middel for uttak av rein. Det kan likevel vise seg vanskeleg å få til ei avliving av alle dyr innanfor den gitte tidsfristen, spesielt når omsynet til dyrevelferd skal takast vare på».

Vidare peikar dei på at inndriving og nedslakting i gjerdeanlegg er den mest usikre metoden. «Det er svært ulike oppfatningar i arbeidsgruppa i forhold til om inndriving av reinen i gjerdeanlegg kan gjennomførast på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte». Det er aldri før gjort forsøk på å drive inn ein villreinflokk som er så sky som Nordfjella-reinen.

Trass lokal kunnskap og ekspertise

Inndriving og nedslakting i kve er ein av tre uttaksmetodar skissert i saneringsrapporten. Slik det no står skal stamma i Nordfjella takast ut gjennom auka ordinær jakt i haust. Etter jakta skal resten av dyra takast ut utover seinhausten og vinteren 2017/2018 med ein kombinasjon av statlege fellingslag og inndriving.

Sju arbeidsgrupper beståande av både lokale og sentrale faginstansar vart sett ned for å jobbe fram kvart sitt delkapittel inn mot den samla rapporten. Ei av desse gruppene fekk i oppgåve å sjå på velferdsaspektet ved inndriving og avliving i kve. I gruppa sat representantar frå Veterinærinstituttet (Cecilie Mejdell), Statens naturoppsyn (SNO) (Esben Bø, Petter Braaten), Norsk institutt for naturforsking (NINA) (Olav Strand), Filefjell Reinlag (Runar Bjøberg, Asgrim Opdal), lokal villreinforvaltning (Lars Nesse, Sigmund Tveitehagen), Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) (Inge Even Danielsen) og Mattilsynet (André Høva, Harald Øverby). Miljødirektoratet var også representert med Kari Bjørneraas som observatør.

Ville gje reinen eitt år til

Representantar frå lokal villreinforvaltning har ved fleire høve foreslått å trekkje saneringa av villreinstamma ut over ei lengre tidsperiode, og såleis gå vekk ifrå målet om 1. mai 2018. Forvaltninga meiner ein heller bør nytte store jaktkvotar og forlenga jakttid både i 2017 og 2018, kombinert med statleg felling.

Dette kjem tydeleg fram i arbeidsgruppas rapport. Dersom ein feller 900 dyr ved jakt i 2017, 300 ved statleg felling komande vinter og 900 ved jakt i 2018 vil den resterande bestanden vera på kring 600 dyr, vinteren 2018/2019. Å ta ut ein langt mindre restbestand på 600 dyr med ein kombinasjon av statleg felling og inndriving i kve vil minske faren for «alvorleg dyrevelferdsmessig belastning», meiner arbeidsgruppa. Dei konkluderer med at ein ikkje bør prøve å byggje gjerdeanlegg for inndriving i 2017.

«Risikoen for dyre­velferdsmessig belastning på dyra vil vera betydeleg mindre dersom gjerdeanlegg brukast når vinterstamma er vesentleg redusert etter to års jakt kombinert med statleg uttak.»

Likevel har landbruksminister Jon Georg Dale og miljøstyresmaktene valt å halde på målet om å fjerne all reinen i Nordfjella sone 1 innan 1. mai 2018. Dermed går dei klart i mot innstillinga til arbeidsgruppa, som miljøstyresmaktene sjølv har utnemnt.