Julie S. Flaget, Synnøve Oleivsgard og Ketil Tveit meiner at kvinnene ikkje dominerer arbeidsmiljøet sjølv om dei er i overtal.
Julie S. Flaget, Synnøve Oleivsgard og Ketil Tveit meiner at kvinnene ikkje dominerer arbeidsmiljøet sjølv om dei er i overtal.

Få menn, men ingen kaklekultur

For Ketil Tveit er mannlege kollegaer ei føresetnad for å kunne jobbe på ein skule.

I dag utgjer mennene rundt 1/4 av dei tilsette på Nedre-Ål skule. Spørsmålet er kor mange dei vert i framtida?

– La oss seie at ein fjerdedel av dei tilsette på skulen er menn, seier lærarane Julie S. Flaget, Ketil Tveit og Synnøve Oleivsgard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein skulle kanskje tru at oppvekstsektoren hadde den aller jamnaste kjønnsfordelinga i Ål kommune. Det stemmer ikkje. 15 prosent av dei tilsette er menn og 85 prosent kvinner. Høvesvis 33 og 182 personar.

Sektoren har ansvar for skule, barnehage, PPT, innvandrartenesta, helsestasjon og kulturskulen.

Færre menn

Nyleg stod det i Aftenposten at det blir færre mannlege lærarar. I 1992 var 36 prosent av grunnskulelærarane menn. I skoleåret 2004–2005 var talet nede på 29 prosent. Dette skuleåret er 26 prosent av lærarane menn. Årsakene som vert nemnde er låg lønn og status.

Julie S. Flaget, Synnøve Oleivsgard og Ketil Tveit meiner at kvinnene ikkje dominerer arbeidsmiljøet sjølv om dei er i overtal.
Julie S. Flaget, Synnøve Oleivsgard og Ketil Tveit meiner at kvinnene ikkje dominerer arbeidsmiljøet sjølv om dei er i overtal.
Julie S. Flaget, Synnøve Oleivsgard og Ketil Tveit meiner at kvinnene ikkje dominerer arbeidsmiljøet sjølv om dei er i overtal.
Julie S. Flaget, Synnøve Oleivsgard og Ketil Tveit meiner at kvinnene ikkje dominerer arbeidsmiljøet sjølv om dei er i overtal.

– Om det er ei trend, får me håpe at den snur, seier Flaget.

Førebilete

Dei trur ein finn fleire mannlege lærarar i ungdomsskule, vidaregåande og universitet.

– Men samstundes var det også mange på lærarskulen som hadde eit ønske om å jobbe i småskulen, seier Tveit og får nikk frå dei andre.

For alle tre var ønske om å jobbe med barn og ungdom mykje av årsaka til at dei søkte seg til læraryrket.

– Det er viktig med mannlege førebilete, seier Flaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt miljø

Tveit fortel at det ikkje er noko «kaklekultur» på skulen sjølv om kvinnene er i overtal.

– Sjølv om me berre er sju-åtte menn, er ikkje det kollegiale miljøet prega av damene. Eg kunne ikkje tenkt meg å jobbe på ein skule der det berre var damer og ingen menn.

Sjølv om han har fleire mannlege kollegaer, har han likevel ein draum, som truleg aldri vert oppfylt.

– Eg har alltid hatt lyst til å prøve og ha ansvaret for eit trinn saman med ein annan mann. Om me hadde vore halvparten menn og kvinner hadde kanskje det vorte tilfelle ein gong.

Auka status

Men kva skal til for å få endå fleire menn i klasserommet, og for å snu ein eventuell negativ trend?

– Pengar og auke statusen til yrket. Sjå kva dei har gjort i Finland, der er det sterk konkurranse om å få kome inn på lærarutdanninga.

Kvinnedel i Ål

* Kvinner utgjer 80 prosent av kommunen sine tilsette.

* På toppleiarnivå, i rådmannsteamet, er det 57 prosent kvinner. Fire kvinner og tre menn.

* På mellomleiarnivå er det 65 prosent kvinner, 22 kvinner og 12 menn.

* Gjennomsnittleg løn for mellomleiar er for kvinner 502.500 kroner og 532.600 kroner for menn.

* I sektor helse er det sju prosent menn og 93 prosent kvinner, høvesvis 16 og 209.

* I sektor drift og utvikling er det 34 menn og 42 kvinner. Høvesvis 45 og 55 prosent.

* I sektor oppvekst er det 15 prosent menn og 85 prosent kvinner. Høvesvis 33 og 182 personar.

Slik er det i dei andre kommunane:

* Flå: Rådmannen si leiargruppe i 2013 bestod av 54,5 prosent kvinner og 45,5 prosent menn. Dei fem mellomleiarar er kvinner, og det er framleis ein hovudvekt av kvinnelege tilsette generelt i kommunen.

* Nes: Av 289,58 tilsette er 77,50 prosent kvinner.

* Gol: Av 419 tilsette er 350 kvinner og 69 menn.

* Hol: 76 prosent av dei tilsette er damer. På leiarnivå er fordelinga 59 prosent kvinner og 41 prosent menn.

* Hemsedal: Av 269 tilsette er 222 kvinner og 47 menn.

* Nore og Uvdal: 79 prosent av dei faste tilsette i kommunen er kvinner. Det øvste administrative leiarnivået i Nore og Uvdal består av tre kvinner og fire menn. Blant mellomleiarane er 15 kvinner og ti menn.

KJelde: Årsmeldingane til kommunane