annonse

Eventyrleg både i skog og mark, og på fjellet

Sangefjell
Sangefjell: Idylliske forhold på Sangefjell i Ål. (Foto: Ståle Dalseide)
Trondrudmarka
Trondrudmarka: I Trondrudmarka i Nes er det køyrt opp 200 kilometer med skiløyper. (Foto: Lars Storheim)
Øygardsgrend
Øygardsgrend: Flotte spor i Øygardsgrend. (Foto: Terje Heggelien)
Sangefjell
Sangefjell: Sangefjell mot Hallingskarvet. (Foto: Ståle Dalseide)
Dyna
Dyna: Slik såg det ut på Dyna i Ål før sola gjekk ned i vest sist onsdag. (Foto: Lars Storheim)
Øygardsgrend
Øygardsgrend: Flotte forhold i Øygardsgrend, Nore og Uvdal. (Foto: Terje Heggelien)
Dyna
Dyna: Flotte løyper ved Dyna på fjellet mellom Ål og Nes. (Foto: Lars Storheim)
Lauvåsen i Nore og Uvdal
Lauvåsen i Nore og Uvdal: Her blir det køyrt løyper kvar dag i jule- og nyttårshelga, dersom forholda tillet det. Det vil seie frå Lundemyra, og båe rundløypene oppe på Flotti. Ca. 15 km . (Foto: Privat)
Nes Sørmark
Nes Sørmark: Ideelle føreforhold i Nes Sørmark. (Foto: Lars Storheim)
Skurdalsåsen
Skurdalsåsen: Skurdalsåsen. Med Hallingskarvet i bakgrunnen. (Foto: Vilhelm Håvardsrud)
Bergsjøområdet
Bergsjøområdet : Bergsjøområdet og Leveldåsen i Ål har 56 km med oppkøyrde løyper. (Foto: Skarslia ski- og akesenter)

Rikeleg med snø. Stabilt kaldt. Fantastisk skiføre. Det er slik me vil ha det.

Bjarne Tormodsgard

Snø- og føreforholda i Hallingdal og Nore og Uvdal er eventyrlege. Det er ingen grunn til å halde seg inne sjølv om TV-sporten har mykje å by på om dagen.

Det er berre mindre endringar i løypenettet frå sist helg. Nore og Uvdal er med sine 427 kilometer no den største "løypekommunen" i vår region. Nes fylgjer hakk i hel føre Ål. Desse kommunane har også mange løypealternativ. Det er køyrt opp tett under 2000 kilometer med skiløyper - eller 200 mil!

For dei som trivst i puddersnøen er det også ideelle forhold. Men pass opp for snøskredfaren i brattlendt terreng. Det er kome ein del snø dei siste dagane som gjer sitt til at ein bør vera ekstra på vakt. 

Ifylgje yr.noblir det kjøleg i helga, med temperaturar frå 8 til 15 minusgrader. Sundag er det meldt strålande ver. Måndag kan me vente oss meir snø.

Hol: 240 km

Geilo-Havsdalen-Budalen-Prestholt-Ustaoset: 57 km

Haugastøl: 16 km

Sudndalen-Myrland: 55 km

Holsåsen: 27 km

Kikut mot Skurdalen: 21 km

Dagali: 21 km

Geilo-området (skistadioen og Ustedalsfjorden) + Kikut: 45 km 

Ål: 346 km

Sangefjell: 50 km

Veståsen: 51 km

Hallingdal Feriepark: 1 km

Strandafjorden: 7,5 km 

Øvre-Ålsåsen og Kvinnegardslia: 51 km

Bergsjøområdet/Leveldåsen: 67 km 

Liatoppen/Votndalsåsen: 44 km 

Torpoåsen: 73 km

Ål skisenter: 2

Hemsedal: 165 km

Gravset skiarena: 46 km

Helsingli/Storevatnet: 32,5 km

Dalløypa Ulsåk-Lio: 43 km

Grøndalen - Bulien:  23 km

Høyfjellsløypa Beihovdløypa/Hølleskaret: 9 km

Høyfjellsløypa Harahorn: 12 km

Gol: 275 km

Skagahøgdi: 10 km

Nystølsfjellet: 60 km

Søråsen: 35 km

Golsfjellet: 140 km     

Solseter: 30 km, 7 km med lysløype, skicrossbane 1 km

Nes: 420 km

Lysløypa i sentrum: 4,5 km

Trondrudmarka: 200 km

Nes Nordmark/Mykingområdet: 140 km

Buvasstølan: 30 km

Liemarka: 45 km

Flå: 100 km

Vassfarfjellet: 50 km

Høgevarde: 50 km

Nore og Uvdal: 427 km 

Dagalifjell: 90 km

Tøddøla: 35 km

Lysløypa Uvdal: 2 km

Rødberg/Vikangrend/Smådøl: 35 km

Lauvåsen: 18 km

Borgegrend: 50 km

Tunhovd: 35 km

Øygardsgrend: 35 km

Langedrag: 6 km

Grevsgard Hallgrimsfjell: 40 km

Jønndalen: 18 km

Imingfjell: 15 km. 

Åsbøseterdalen/Breiset: 43 km

Norefjord: 5 km