Politiet etterforskar eit seksuelt overgrep i Gol natt til sundag. Regionlensmann Brit Fyksen ønskjer kontakt med publikum som skjedde inne på Pers hotell.
Politiet etterforskar eit seksuelt overgrep i Gol natt til sundag. Regionlensmann Brit Fyksen ønskjer kontakt med publikum som skjedde inne på Pers hotell.

Etterforskar seksuelt overgrep

Politiet etterforskar eit seksuelt overgrep i Gol.

Det er ei ung kvinne som er fornærma.

– Det er ein hending me beskriv som eit seksuelt overgrep. Overgrepet skjedde på Pers hotell natt til sundag før klokka 03.00, seier regionlensmann Brit Fyksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sikrar spor

Gjerningspersonen er førebels ukjend.

– Politiet jobbar med å sikre tekniske og taktiske spor, seier Fyksen.

– Skjedde det på eit hotellrom?

– Det var inne på hotellet, men ikkje på eit rom.

– Er den fornærma frå Hallingdal?

– Me går ikkje inn på om det er lokale involvert, seier Fyksen.

Kartlegg

I jakta på gjerningspersonen ønskjer politiet hjelp frå publikum. 

Det var mykje folk i Gol sentrum og i området ved Pers hotell laurdag kveld og natt til sundag i samband med Goldagan. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ønskjer kontakt med publikum for å kartlegge vitne, eller andre som kan ha sett noko, seier Fyksen.