Buskerud Venstre har ikkje vore representert på Stortinget på 100 år. Blir Rebekka Borsch den som endeleg bryt forbanninga?
Buskerud Venstre har ikkje vore representert på Stortinget på 100 år. Blir Rebekka Borsch den som endeleg bryt forbanninga?

Er 100 års ventetid over for Venstre?

Rebekka Borsch gjer ende på ei hundre år lang forbanning for Venstre dersom ho blir vald inn på Stortinget.

For partiet har ikkje hatt ein stortingsrepresentant frå Buskerud sidan første verdskrig med flåværingen Knut K. Heje frå 1916–1918.

Rebekka Borsch, som einaste kvinnelege førstekandidat i fylket, kan bli den neste. Ei dryg veke unna valet ser det ut til å bli ein kamp om utjamningsmandatet med Jon Helgheim (Frp) og Ståle Sørensen i Miljøpartiet de Grønne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Treng fornying

– Kvifor skal veljarane i Hallingdal og Nore og Uvdal stemme Venstre?

– Venstre satsar på utdanning, kunnskap og nye arbeidsplassar. Når det gjeld formuesskatt, foreslår me å auke botnfrådraget til over ti millionar. Då vil mange mindre bedriftseigarar sleppe formuesskatt, mens dei aller største framleis må betale. Det er ei smart Venstre-løysing. Gründerane er ei av mine hjartesaker saman med utdanning og psykisk helse. Og så treng Buskerud fornying på Stortinget med ein grøn og liberal politikar.

– Kva er dei største utfordringane for regionen dei neste åra?

– Ein må halde trykket på samferdsel. Venstre har kjempa for å bygge ut Ringeriksbanen raskast mogleg og E16 over Sollihøgda. Det er viktig for regionen. Minst like viktig er satsinga på reiseliv, og me vil vere med på å løfte fram ei reiselivsfagskule. Elles har mange kommunar i Norge i dag for dårleg tilbod innan psykisk helse. Dette er ei stor utfordring for samfunnet, og temaet får for lite merksemd. Det gjeld heile landet, seier Borsch.

Større kommunar

Venstre vil ifølgje sitt valprogram arbeide for færre og større kommunar.

Partiet er også positiv til regionreforma som skal erstatte fylkeskommunane med færre og større regionar. Borsch har merka seg kritikken og motstanden reformene har møtt i distriktet.

– Men sentraliseringa dei siste åra har ikkje vore like sterk som det har vorte skapt eit inntrykk av, meiner Borsch, og viser til ei undersøking gjort av NRK, som meiner å dokumentere at den sitjande regjeringa ikkje er norgeshistorias mest sentraliserande.

Ho er likevel skuffa over at fylket har tapt arbeidsplassar på nokre reformer, som til dømes innan skatteetaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her må dei som har vore på buskerudbenken dei siste åra ta ansvaret for at dei ikkje har kjempa godt nok.

– Vil du og Venstre at kommunereforma skal halde fram, og at hallingdalskommunane tek fram att planar for samanslåingar?

– Eg ønskjer at hallingane held fram samtalene med fordeler og ulemper ved dette. Når fleire store kommunar er på plass, og ein ser kva for oppgåver dei får, kan det gi ny giv til nye samtaler.

Storregion

Om den vedtekne Viken-regionen med Buskerud, Akershus og Østfold seier Borsch:

– Eg meiner Buskerud har stor tilknyting til Akershus som ein felles bu- og arbeidsmarknad. Dei tre fylka har mykje til felles innan samferdsel, arealplanlegging og infrastruktur. Eg held fast på at Buskerud og Akershus må samarbeide tettare. Det gjeld vegbygging, kollektivtransport, pendlarar og utvikling av næringsareal.

– I Hallingdal og Nore og Uvdal stiller dei spørsmålet: Kva skal me med Viken?

– Eit tettare samarbeid med Akershus er også bra for Hallingdal.

– På kva måte?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er som eg seier. Mange i Buskerud og Akershus pendlar over fylkesgrensa. Den grensa er eit stengsel for både kollektivtransport og heilskapleg planlegging av veg og bustadfelt, pendlarparkering og ein plan for korleis ein region skal utvikle seg. Utbygginga av E16 er eit eksempel. Det har teke tid på grunn av fylkesgrensa.

Blågrønt

Venstres vedtekne mål er ei blågrøn regjering med Høgre og KrF etter valet.

– Det er det eg kjempar for. Eg vil ikkje at Frp skal sitje i regjering, det er ein av grunnane til at eg stiller til val, seier Borsch.

– Vil du heller ha Jonas Gahr Støre som statsminister enn Frp i regjering?

– Eg sa nettopp at eg ønskjer å erstatte dagens regjering med Venstre, KrF og Høgre.

– Og viss det ikkje går?

– Det er opp til veljarane å bestemme. Dette er min plan, og det er den eg arbeider for.

40 år frå Røyken (opphavleg frå Tyskland)

Yrke: Seniorrådgjevar i Miljødirektoratet

Hobby: Eg padlar havkajakk, går på ski og brukar tid med venner

Politisk førebilete: Martin Luther King