Det pågår leiteaksjon ved Nystølen i Nes.
Det pågår leiteaksjon ved Nystølen i Nes.

Eldre mann sakna ved Nystølen i Nes

Politi og frivillige leitar etter ein eldre mann som ikkje kom heim etter ein skitur.

Sundag ettermiddag vart det sett i gang leiteaksjon ved Nystølen i Nes. Ein mannleg skiløpar i 80-åra kom ikkje att frå ein skitur. Han vart sist sett i skiløypa nær Nystølkroken kafe i 14-tida.

Raud fjellanorakk

Mannen hadde på seg raud fjellanorakk, raud og kvit luve og blå skibukser då han vart borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er svært interessert i tips frå publikum. Det er mykje hytter i området. Viss nokon har observert mannen i hytteområdet eller møtt han på vegen eller i skiløypenettet, vil me gjerne at dei ringer politiet, sa operasjonsleiar Beate Sem til Hallingdølen i ettermiddag.

Klokka 22 kunne ho opplyse  at det har kome inn nokre observasjonar som politiet jobbar med å sjekke ut. 

Held fram med full styrke

I tillegg til eigne mannskap, har politiet kalla inn mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps og Norske Redningshunder. Luftambulansen har også gjort grovsøk frå lufta.

– Vil leiteaksjonen halde fram utover natta?

– Me har bra med mannskap. Førebels held søket fram med full styrke, men det er ei løpande vurdering, seier Sem.