annonse

Eit varsku for krafta vår

Til Amerika
Til Amerika: I 2008 selde Nord Pool dei to selskapa sine Nord Pool Clearing og Nord Pool Consulting til Amerikas største aksjeselskap, Nasdaq OMX, New York, for 80 millionar kroner. (Arkivfoto). (Foto: )

  • Osvald Medhus

I denne kronikken set tidlegare ordførar i Hol og kraftkjennaren framfor nokon i Hallingdal, Osvald Medhus, søkelys på forvaltninga av kraftressursane og kraftpolitikken. Medhus meiner at byråkratiet har overteke forvaltninga av vår kraftrikdomen.

For 2017 var vår kraftproduksjon 148,2 TWh og forbruket 132,9 TWh. Vår primære vasskraft er nedbetalt. Produksjonsprisen ligg i området 10 øre/KWh. Ser ein på desse enkle fakta andsynes dagens forvaltningsvirvar, er det grunn til å rope eit varsku. Kraftsektoren må vi få tilbake til Stortinget, få slutt på tankelause påfunn. Og igjen verne og forvalte arvesølvet, krafta vår, på skikkeleg vis.

I 1992 fekk vi verdens mest liberale energilov. Etter 25 år må det vere passande å spørje: Har energilova ført til betre forvaltning av krafta vår, slik intensjonen med loven var? For å ha ei meining om det, er det nødvendig med litt historikk.

1. Med den nye energilova kom ideen om å gjere Noreg og Sverige til ein felles kraftmarknad. Dette vart etter kvart utvida til å omfatte heile Norden, Nord Pool.

2. I 2008 selde Nord Pool dei to selskapa sine Nord Pool Clearing og Nord Pool Consulting til Amerikas største aksjeselskap, Nasdaq OMX, New York, for 80 millionar kroner. Samstundes fekk Nasdaq OMX opsjon på kjøp av Nord Pool ASA - den finansielle kraftbørsen for ulike kraftkontraktar, blant anna til prissikring, og ein av Europas største børsar for handel med klimakvoter.

3. I 2010 gjorde Nasdaq OMX sin opsjon gjeldande, og kjøpte Nord Pool ASA for ein ukjent pris, som Statnett har karakterisert som «en god forretning». Statnett har grunngjeve salet på denne måten:

«Denne børsen kom etter hvert i et sterkt konkurranseforhold til andre tilsvarende børser internasjonalt, og vi så at den ville få et behov for sterke og risikovillige eiere for å kunne utvikles videre. En slik satsing mente vi ville være lite naturlig for et statlig monopolselskap som Statnett (og Svenska Kraftnät). Dette var hovedårsaken til at vi valgte å selge, samtidig som det ikke ble ansett som noe drawback at det ville være en god forretning å selge nettopp denne virksomheten.»

4. Tilskunda av fornybardirektivet frå EU, gjekk Noreg frå 1. januar 2012 inn i den svenske elsertifikatmarknaden. Avtalen med Sverige har som mål at Noreg og Sverige i fellesskap bygger 28,4 TWh innan 2020. Systemet med elsertifikat skal gjere at Noreg når forpliktinga om ein fornybar del av energiforbruket på 67,5 % i 2020. Om vi ikkje greier det, kan Noreg få dom mot seg i EU-domstolen.

Til finansiering av svenskeavtalen blir det ferda ut eitt elsertifikat for kvar produsert kilowatt-time, som då alle straumabonnentane i båe land er pliktige til å betale i 15 år fram til 2035, i alt 28 milliardar kroner, men utan å bli eigar av nokon kraft. Den gjennomsnittlege elsertifikatprisen er no 66 kroner/MWh.

Halvparten av krafta blir finansiert av norske forbrukarar og halvparten av svenske forbrukarar – uavhengig av om produksjonen skjer i Noreg eller Sverige.

På 6 av avtaletida på 8 år har Sverige fått godkjent sin del 14,2 TWh, og har dermed nådd målet i elsertifikatavtalen, mens Noreg ikkje har greidd å bygge meir enn 4,5 TWh. Teikn tyder likevel på at Noreg vil gjere det betre dei to siste åra.

Dagens resultat av svenskeavtalen framskrive til 2020 ville blitt:

Norske straumabonnentar (brukarane) ville spandert 4 milliardar kroner på svensk kraftproduksjon. Sverige har no produsert sin del på 14,2 TWh, der brukarane må betale 10 milliardar kroner. Noreg ville produsert 6,3 TWh, der også brukarane må betale 10 milliardar kroner. Det betyr at brukarane i Noreg måtte betale 1,60 kr per KWh, og brukarane i Sverige 0,70 kr per KWh.

5. 16. mars skal Stortinget ha føre regjeringas forslag om at Noreg blir lagt inn i EUs Energiunion, fordi EU vil ha dette inn i EØS-avtalen. Blir dette ein realitet, kan deler av våre energiressursar bli forvalta av EUs energibyrå Acer.

På Dagsnytt 18 den 14. januar, der dette vart diskutert, sa vår olje- og energiminister at føremålet med å legge Noreg inn under EUs energiunion var å samordne Norden med Europa på dette område. Ei slik utsegn er ein anakronisme, den nordiske kraftmarknaden er nemleg selt til Amerika! Men her hjelper regjeringa, bevisst eller ubevisst, Nasdaq OMX til å få ein fot innom EUs kraftmarknad. Det vil sikkert passe Nasdaq bra.

Så langt vår nære krafthistorie.

Byråkratitet har overtatt

Det offentlege eig i dag om lag 90 prosent av norsk kraftforsyning. Konsesjonslovene har i 100 år verna våre vassdrag og kraftverk mot spekulasjon og raid. Men det som skjer no er eigentleg indirekte åtak mot konsesjonslovene. Dei siste 25 år krafthistorie syner det. Vi har late byråkratiet overta forvaltninga av vår kraftrikdom, og late byråkratiet laga innfløkte og upraktiske reglar for kraftmarknaden, og prisfastsetting som ikkje er relatert til vår produksjon og kostnad.

Osvald Medhus

I denne kronikken set tidlegare ordførar i Hol og kraftkjennaren framfor nokon i Hallingdal, Osvald Medhus, søkelys på forvaltninga av kraftressursane og kraftpolitikken. Byråkratiet har overteke forvaltninga av vår kraftrikdomen, meiner Medhus.