Sundagstrafikken stod bom stille på Rv7 i kring 45 minutt etter at ein bil køyrde av vegen i Herad i Gol sundag kveld.
Sundagstrafikken stod bom stille på Rv7 i kring 45 minutt etter at ein bil køyrde av vegen i Herad i Gol sundag kveld.

Einsleg bil i stolpe på Rv7

Nødetatane rykka ut på melding om ein bil som kolliderte med ein stolpe på Rv7 i Herad i Gol. Vegen vart opna like før klokka 19.

Ein bil køyrde av vegen på Rv7 ved Herad i Gol, sundag ettermiddag, midt i sundagsrusjet heim frå fjellet.

Det var meld om berre små eller mindre personskader, men vegen var ei tid sperra forbi åstaden. Kor mange personar som er involvert er førebels uvisst. Meldinga kom like etter klokka 17 sundag ettermiddag. Politiet oppretta sak.