Politiet på staden melder om berre mindre alvorlege personskader etter at tre bilar kolliderte i Nore måndag ettermiddag.
Politiet på staden melder om berre mindre alvorlege personskader etter at tre bilar kolliderte i Nore måndag ettermiddag.

Ein til sjukehus og seks til legevakt etter trafikkulykke

Tre bilar med til saman sju personar var involvert i eit trafikkulykke i eit kryss på Fv40 i Nore.

Politiet melde like før klokka 14 måndag om ei trafikkulykke på Fv40 i Nore.

Ulykka skjedde i eit kryss med avkøyring til Norefjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den første politipatruljen på skadestaden melde til Laagendalsposten om mindre alvorlege personskadar.

Ein person vart køyrd til sjukehuset på Kongsberg for sjekk. Seks andre vart køyrd til legevakt på Rødberg for sjekk, men politiet opplyser til same avis at samtlege etter alt å døme berre er lettare skadde.

Ulykka skjedde truleg som ein følge av påkøyrsel bakfrå. Ein sjåfør er meld for aktlaus køyring. Det var ein av dei involverte som sjølv melde frå om ulykka, heiter det.