Mange stader i Hallingdal opplevde vinterens kaldaste dag i helga.
Mange stader i Hallingdal opplevde vinterens kaldaste dag i helga.

Ein stad målte dei 31,8 minusgrader sundag morgon

Eit kraftig høgtrykk over landet vårt gav klart og fint vêr det meste av helga.

Men samstundes fall temperaturane, og lenger ned enn nokon gong før i vinter.

Aller kaldast var det tidleg sundag. Ved vêrstasjonen på Jordheimsmyrane i Hemsedal viste målaren då – 31,8 grader. Det er ikkje berre kaldast så langt i vinter, men lågaste offisielle temperatur som er målt i Hallingdal på seks år. Den 31. januar 2012 var det – 33,1 grader på Dagali lufthavn. Hemsedal tangerte også 30-talet laurdag med -30,0.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i Dagali kraup temperaturen godt ned på 30-talet, med – 31,6 sundag morgon.

Geilo og Nesbyen opplevde også vinterens kaldaste dag, med høvesvis – 26,6 og -22,2 grader. Gulsvik hadde berre – 17,9 i helga. Der var det kaldare i januar.