Assisterande rektor Lena Lie og rektor Trond Iversen ved Krokeide videregående skole i Bergen orienterte fredag Hallingtinget om planane om å etablere ein ny vidaregåande skule i Hallingdal.
Assisterande rektor Lena Lie og rektor Trond Iversen ved Krokeide videregående skole i Bergen orienterte fredag Hallingtinget om planane om å etablere ein ny vidaregåande skule i Hallingdal.

– Ei gåvepakke til Hallingdal

Tidenes nyetablering er på trappene i Hallingdal. Stiftelsen Krokeide ønskjer å starte ein ny vidaregåande skule.

Skulen skal ikkje konkurrere med eksisterande vidaregåande skular, men vere eit tilbod for «dropouts» og elevar med særlege behov. Stiftelsen er frå før eigar av Krokeide vidaregåande skole AS utanfor Bergen. Her er kapasiteten sprengd og skulen har behov for ein avleggjar på Austlandet. Den kan hamne i Hallingdal.

Sprengd kapasitet i Bergen

Fredag blir Hallingtinget orientert om planane av styreleiar i stiftelsen, Trond Solvang, og rektoratet ved Krokeide vidaregåande skole. Skulen utanfor Bergen gir eit landsdekkjande tilbod til elevar som har falt ut av ordinær vidaregåande opplæring, som har lærevanskar, rusproblem, fysiske eller psykiske utfordringar. Opplegget ved Krokeide har gitt positive resultat. Fråfallsprosenten er låg og eit fleirtal av elevane går ut i lønt arbeid etter fullført utdanning. Snittalderen på elevane som søkjer opptak er kring 25 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Krokeide er det kring 200 elevplassar, men skulen har ikkje plass til alle som søkjer opptak. Det er bakgrunnen for at stiftinga ønskjer å etablere ein ny skule etter same modell.

Mange nye arbeidsplassar

Det er ikkje kvardagskost at Hallingtinget får servert nyheiter om etablering av mange nye kompetansearbeidsplassar. Skulen kjem til å gje arbeid til totalt 70–80 tilsette. Av desse er det kring 50 kompetansearbeidsplassar, lærarar, spesialpedagogar, helsesøstrer, sjukepleiarar, fysioterapeutar og miljø- og sosialarbeidarar.

– Dette er ein gåvepakke til Hallingdal, seier regionsrådsleiar Knut Arne Gurigard. Drifta skal finansierast gjennom statlege overføringar.

Styreleiar Trond Solvang (t.v.) i Stiftelsen Krokeide og assisterande rektor Lena Lie og rektor Trond Iversen ved Krokeide videregående skole.
Styreleiar Trond Solvang (t.v.) i Stiftelsen Krokeide og assisterande rektor Lena Lie og rektor Trond Iversen ved Krokeide videregående skole.

Framfor å starte ein lokaliseringsdiskusjon, er det viktig at Hallingdal står samla om å tilby det som trengst. (Knut Arne Gurigard, regionsrådsleiar)

Det er ikkje bestemt kor den nye skulen skal liggje. Attraktive etableringar endar gjerne opp som bitter bygdestrid om lokalisering. Det har skjedd før. Men i denne saka er det ikkje kommunane eller Hallingtinget som bestemmer. Det er styret i Stiftelsen Krokeide som avgjer kor dei ønskjer å etablere den nye skulen. Gurigard er ikkje uroleg for at kommunepolitikarane skal rote det til.

– Framfor å starte ein lokaliseringsdiskusjon, er det viktig at Hallingdal står samla om å tilby det som trengst. Styret vil reise på ein runde i Hallingdal. Då vil alle få sjansen til å by seg fram, seier han.

Har eit sett med kriterium

Stiftinga har eit sett med kriterium å styre etter når dei skal velje plassering. Med mange tilsette og elevar er det viktig med god kommunikasjon til den nye skulen. Etter det Hallingdølen erfarer vil stiftinga sjå på eksisterande bygningsmasse, men også vurdere å byggje heilt nytt. Skulen har behov både for klasserom, gymsal og verkstadhallar til bygg- og anleggsfag.

Når skulen etter nokre år er i full drift, vil det vere kring 190 elevplassar. Elevane skal hovudsakleg innkvarterast på internat.

Grønt lys frå fylket

Før Utdanningsdirektoratet godkjenner oppretting av friskule i eit fylke, får vertsfylket høve til å kommentere søknaden. Tysdag var saka oppe i hovudutval for utdanning i Buskerud. I vedtaket står det at fylket ikkje ser skuleetableringa som ei ulemper for det offentlege skuletilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men avhengig av kor skulen etablerer seg, ser utvalet likevel at det kan bli konkurranse om praksisplassar i yrkesfag, heiter det i vedtaket.

Ja av to grunnar

Politikarane ser positivt på etablering av nye arbeidsplassar, men skuleplanane svarar også på eit lokalt behov. 

Rådmenn og ordførarar har vore kjent med planane om ei skuleetablering sidan januar. Men for fleirtalet av lokalpolitikarane kom skulesaka som ei overrasking under Hallingtinget. Fredag fekk dei høyre leiinga ved Krokeide vidaregående skole fortelje om skuletilbodet utanfor Bergen, og argumentere for ein tilsvarande skule på Austlandet. 

Psykologen har sett behovet

– Denne skulen ønskjer me å plassere i Hallingdal. Høyrest det greitt ut?, sa rektor Trond Iversen til forsamlinga. Begeistringa i Hallingtinget kom taust til uttrykk. Den einaste som summa seg til å svare, var Nina Dalen (Hol Ap).

– Ja!, ropte ho. 

Som psykolog kjenner Dalen godt til elevgruppa skulen rettar seg mot. 

– Eg ropte «ja» av to grunnar, seier ho. – Sjølvsagt blir eg begeistra når nokon vil etablere mange nye arbeidsplassar, men fyrst og fremst tenkjer eg på dei elevane skulen rettar seg mot. Dette er eit skuletilbod Hallingdal treng, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alternativ til Arbeidsinstitutt

Også ordførar Heidi Granli (Ap) i Gol meiner skuleplanane svarar på eit lokalt behov. 

– Me har jobba mykje for å få etablert eit Arbeidsinstitutt for elevar som ikkje finn seg til rette i det ordinære skuletilbodet. Det har så langt ikkje lukkast, men desse skuleplanane rettar seg mot den same elevgruppa. Dette er eit stort behov i Hallingdal, og eg ønskjer initiativet velkomen, seier ho. 

Tru mot ein ryddig prosess

Kommunane i Hallingdal blir no inviterte til å by seg fram som vertskommune for den nye vidaregåande skulen.

– Korleis kan ein unngå at denne saka endar som ein ny lokaliseringsstrid?

– Fyrst og fremst skal me ha auge for dei elevane dette gjeld. Hallingdal har ei felles interesse i å få eit tilbod til denne elevgruppa. Samtidig må me vere opptekne av å vere eit godt vertskap for dei som vurderer å etablere skuletilbodet. Alle kommunane vil få sjansen til å leggje fram sine alternativ. Viss me er tru mot denne prosessen, skal dette gå bra, seier Nina Dalen.

Utfordringar i kø

– Den største utfordringa blir å finne ein lokalitet med eigna bygningsmasse, trur rektor Trond Iversen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det trengst klasserom, verkstadhall, gymsal og internat. Skulen er tenkt som internatskule med ein landsdekkjande funksjon, men skulen skal også rekruttere elevar lokalt. 

–Difor er det viktig at det er god kommunikasjon, slik at skulen er lett tilgjengeleg, seier han. 

Ikkje ferdig byggesett

Stiftelsen Krokeide har jobba med skuleplanane i fleire år. I starten var ideen å flytte inn i dei tidlegare sjukehuslokala til LHL-klinikken i Feiring i Akershus. Desse planane er førebels skrinlagd. No er prosjektet flytta over fylkesgrensa til Buskerud. Målet er å få til noko i Hallingdal. Men gjestene frå Krokeide kjem ikkje med eit ferdig byggjesett.

– Me har eit godt konsept for skuleinnhald, men me kjem ikkje med eit «plug-and-play»-opplegg, seier styreleiar i stiftinga, Trond Solvang. – Skal dette bli noko av, er me avhengige av eit godt samspel både med lokale og sentrale styresmakter, seier han. 

Treng kommunal draghjelp

Solvang opplevde at tilbakemeldinga frå Hallingtinget var positiv. Det var ein vilje til å bidra.

– Det var ei begeistring for det skulen driv med. Me merka at dette er ein region der det er interesse for å leggje til rette for ny næring og arbeidsplassar, ikkje minst kompetansearbeidsplassar. Tilbakemeldinga var i overkant av det me hadde våga å håpe på, men me er avhengig av mykje backing og support, seier han. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva slags hjelp?

– Me sit med kompetanse på å drive denne typen skule og rekruttere personale. Me er gode på innhald, men treng hjelp til å etablere ein fysiske lokalitet med gode løysingar. Me har økonomi til å realisere eit bygg. Men me er avhengig av tomt og infrastruktur. Dette må me i dialog med vertskommunen om, seier han. 

Ventar svar i juni

Det er Utdanningsdirektoratet som behandlar søknaden om elevtilskot. Svaret på søknaden er venta i juni. Skulen må også få ein post på statsbudsjettet til å sikre drifta av internatet.

– I tida framover må me jobbe både mot direktoratet og mot Stortinget. Også her treng me politisk draghjelp frå Hallingdal, seier Solvang.

* Krokeide videregående skole AS er ein landsdekkjande internatskule for elevar med særlege behov.

* Har utspring i Landsforeningen for Hjerte-og Lungesyke (LHL), som har bygd opp eit stort skule- og rehabiliteringssenter sør for Bergen.

* Sidan 2015 har skulen vore eigd av Stiftelsen Krokeide.

* Stiftinga ønskjer no å opprette ein ny skule i Hallingdal for å avlaste kapasiteten.

* Den nye skulen vil få eit årleg budsjett på 80–90 millionar.

* Skulen vurderer å gje fagtilbod i studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, bygg- og anlegg og påbygg ved den nye skulen. (Kjelde: Krokeide videregående skole)