Hege Bøkko lykkast ikkje på 1000-meteren.
Hege Bøkko lykkast ikkje på 1000-meteren.

- Eg ville ekstremt mykje

Hege Bøkko (26) trong tid for seg sjølv etter 1000-meteren i OL.

- Eg trur eg ville ekstremt mykje i dag. Eg veit ikkje kva som gjekk gale, sa Bøkko etter løpet.

Landslagssprintaren frå Hovet gjekk raskast av dei 26 fyrste løparane på fyrste 100-meter. Men på andre runden fekk ho det tøft. Med 1:15.98 var ho 2.42 bak nederlandske Jorien Ter Mors, som sette olympisk rekord i paret føre. Ho tok gullet føre den japanske duoen Nao Kodaira og Miho Takagi. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ida Njåtun (Asker) vart beste norske på tiandeplass med 1:15.43, medan Bøkko til slutt vart nummer 14.

Såg ingen feil

På veg til start gløymde ho å ta på seg armbindet, og opninga tyda på at ho ville veldig mykje i Pyeongchang.

- Eg føler eg har god kontroll på nervane. Eg var i sona, som eg er før alle løp. Eg trur ikkje det spelte nokon rolle at eg gløymde armbindet, den episoden hadde eg gløymt før eg kom til start, sa Bøkko medan tårene trilla.

Hege Bøkko er klar for 1000-meter i Pyeongchang. For sambuar Simen Spieler Nilsen (t.v.) og bror Håvard Bøkko (t.h.) er OL alt i gang.
Hege Bøkko er klar for 1000-meter i Pyeongchang. For sambuar Simen Spieler Nilsen (t.v.) og bror Håvard Bøkko (t.h.) er OL alt i gang.

Sjølv såg ho ikkje kvar ho tapte tid.

- Eg føler eg går bra, at eg tek tida til å skuve skikkeleg ut. Eg sit djupt og kjenner meg ikkje sliten.

I mål vart ho overraska over tida.

- Eg er overraska over at tida blir så dårleg som ho blir. Eg må sjå på det i ettertid for å sjå kva eg kan gjere betre. Akkurat no er eg berre skuffa over meg sjølv, at eg ikkje klarer å prestere betre.

På spørsmål om kva ho skulle bruke kvelden til, svara ein tydeleg prega Hege Bøkko;

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fyrst skal eg ha litt tid for meg sjølv.

Håpa på medalje

Bøkko debuterte med ein tiandeplass på 1000-meteren i Vancouver i 2010. 

I Sotsji vart det ikkje den same suksessen. Men etter sjukdomstrøbbel og ein re-start av skøytekarriera har ho kome sterkt tilbake. Dei to siste sesongane har Bøkko vist kva som bur i ho, og sett fleire norske rekordar på sprintdistansane.

Seinast i januar vart det pallplass i verdscupen. Alt for to år sidan sette ho seg mål om medalje på 1000-meter. Ho veit det kan bli tøft, og meiner sjølv ho ikkje er ein opplagt medaljekandidat.

-– Eg har ambisjonar om medalje. Eg er absolutt ikkje nokon favoritt, sjølv med pallplass i helga, men eg trivst med å vere outsider og heller angripe,, sa ho til Hallingdølen tre veker før OL.

Les også:Ambisjonar om medalje