Yosef Andar har budd på Trandum i to veker, mykje av tida innestengd på einerom.
Yosef Andar har budd på Trandum i to veker, mykje av tida innestengd på einerom.

– Eg prøver å sove mykje. Om natta er eg berre redd.

Han er eit såkalla oktoberbarn. I to veker har Yosef Andar vore på politiets utlendingsinternat på Trandum, i konstant frykt for å bli sendt til Afghanistan.

– Fyrst var eg veldig glad for å kome attende til Norge. Eg trudde eg skulle på mottak igjen. Men så kom eg hit, i fengsel, seier Yosef Andar.

På Trandum har ein utsikt rett mot rullebanane på Oslo lufthavn. Torsdag 26. oktober landa eit fly frå Paris med Yosef om bord. Han vart utlevert av fransk politi etter mange månader på flukt. Norske myndigheiter har avslått søknaden hans om opphald, og vil tvangsreturnere han til Kabul. Dei fryktar at Yosef stikk av i mellomtida, og han bur no på skjerma avdeling på Trandum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Manglar opphaldsløyve

Hausten 2015 kom Yosef åleine til Norge frå Afghanistan. Etter kvart kom han til asylmottaket for einslege mindreårige i Hemsedal. No meiner norske styresmakter at han har blitt myndig, og at det ikkje er grunnlag for at han kan bli i Norge. Yosef er altså eitt av dei 130 oktoberbarna, som etter lengre tid i landet fyller 18 og skal returnerast til Kabul denne hausten. Frykta for utsending gjorde at han flykta på ny, slik som mange andre barn ved norske asylmottak. Sidan i vinter har han vore i Frankrike.

 

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

På gata i Paris

– Paris var veldig vanskeleg. Eg sov på gata. Ofte under togbruer, av og til på metroen. Men politiet jaga oss opp, fortel Yosef.

467 barn har det siste året rømd frå norske asylmottak. 269 av desse har framleis ukjend opphaldsstad, melder Dagbladet.

–Eg har ingenting i Afghanistan. Dei kan ikkje sende meg attende, seier Yosef Andar.
–Eg har ingenting i Afghanistan. Dei kan ikkje sende meg attende, seier Yosef Andar.
Yosaf Andar er  mykje av tida innestengd på einerom.
Yosaf Andar er mykje av tida innestengd på einerom.
På politiets utlendingsinternat sit folk utan lovleg opphald, ofte i samband med tvangsreturnering.
På politiets utlendingsinternat sit folk utan lovleg opphald, ofte i samband med tvangsreturnering.

– Eg fekk vener frå Afghanistan, Kurdistan, Albania og Frankrike. Me budde saman på gata. Dei fleste var like gamle som eg, nokre litt yngre, fortel Yosef.

Mange av gutane rusa seg, og det var kaldt å bu ute. Yosef sakna Norge. Han hadde stadig kontakt med vener i Hemsedal, og vart råda til å kome attende. Yosef oppsøkte sjølv sjømannskyrkja i Paris, deretter fransk politi som sende han tilbake til Norge og Trandum.

Livredd

Å hamne innanfor låste dører og høge gjerde var eit stort sjokk.

– Eg ville døy, ingen hjelpte meg, seier Yosef.

På Trandum tok redsla overhand, og han slo hovudet i veggen. Yosef peikar mot eit sår i panna. Der frykta dei at han var til fare for seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fekk lenker på hender og føter. Dei tok av meg kleda mine, og eg måtte vere på eit veldig kaldt rom, seier han.

Sidan då har Yosef budd på skjerma rom, med få gjenstandar og svært avgrensa kontakt med folk utanfor.

Tvil om aldersvurdering

UDI si aldersvurdering går ut på at Yosef er fødd i 1999. Både Yosef og advokaten hans meiner at denne aldersvurderinga er feil, og at Yosef framleis er mindreårig. Dei er også ueinige i at det er forsvarleg å returnere unge afghanarar til heimlandet.

– Afghanistan er ikkje mitt land. Eg forstår ikkje kvifor dei vil sende meg ut. Eg har ingenting der, seier Yosef.

Familien hans bestod av far, mor og veslebror. No er det berre Yosef. Dei budde i ein liten landsby i provinsen Maidan Wardak, nokre timar vest for Kabul. Dei hadde sauer, og livnærte seg som jordbrukarar. Mange i den nære familien vart med i Taliban, og faren vart drepen då han ikkje ville slutte seg til dei. Dei truga Yosef, og han og veslebroren flykta nordover mot Europa.

 

%%image383%%

 

På eiga hand

På grenseovergangen gjekk Yosef og broren til fots saman med mange andre flyktningar. Det oppstod kaos då politiet kom etter dei. Broren på 10 år forsvann medan dei sprang, og dukka aldri opp att. Yosef festar blikket i golvet når han snakkar om dette, hendene blir urolege. Heller ikkje mora veit han kor er, og han har ikkje høyrt frå henne sidan han flykta frå heimstaden.

– Fyrst sakna eg mor mi veldig mykje. Men no har eg vore tre-fire år utan nokon. Eg må klare meg åleine, seier Yosef.

Sterke protestar

– Eg gjekk ikkje på skulen i Afghanistan. Eg måtte arbeide på åkeren, fortel Yosef.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hemsedal har han lært å skrive namnet sitt med sirleg løkkeskrift, og han fann ut kva han likte aller best.

– Musikk! All slags musikk er bra, så lenge eg kan danse. Det lærte eg på mottaket.

Han smiler når han snakkar om gode vener, artistane Marcus & Martinius og skuleførestiling.

– Eg vil berre danse og vere med vener. Og få meg ein kjæraste, smiler han lurt.

Utanfor gjerda på Trandum har han ei stadig større støttegruppe, og det er starta ein innsamlingsaksjon for å samle inn pengar til advokathjelp. Førebels har dei samla inn rundt 40.000 kroner, og klage på UDI sitt avslag er sendt inn. Sundag vert det arrangert støttekonsert i Hemsedal. Lesarbrev talar saka hans, lokalpolitikarar trugar med å melde seg ut av Arbeiderpartiet, og måndag vart det heile omtala på TV2-nyheitene. Og det er ikkje berre Yosef si sak som får merksemd. Onsdag måtte innvandringsministeren og utanriksministeren gjere greie for om det er trygt å sende folk til Afghanistan med tvang.

Lange dagar

Men det er ikkje så mykje av dette hovudpersonen sjølv får med seg. Han har ikkje tilgang til internett, og ingen mobil.

– Eg får bruke telefonen 40 minutt kvar veke, seier han.

Yosef bur no åleine på skjerma celle. Kvar dag får han gå ut tre gonger for å røyke. I går spelte han litt fotball åleine. Om det avtalast på førehand kan han få besøk i 45 minutt av gongen, og etter halvannan veke fekk han ha TV på rommet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er vanskeleg å ha håp her, seier han.

Nye fly tek stadig av frå rullebanane over dei høge gjerda rundt Trandum. Nokre av dei set kanskje kursen austover mot Kabul.

– Eg er redd for Taliban og for folk i familien min. Eg forstår ikkje at nokon kan sende meg attende, seier Yosef.