Drapet skjedde på denne hytta.
Drapet skjedde på denne hytta.

Drap kjærasten med 21 knivstikk

Østfold-mannen, som drap kjærasten sin i hytta i Gulsvik med ei rekkje knivstikk, er tiltalt for forsettleg drap. – Tiltalen er som venta, det meiner også tiltalte, seier advokat Sindre Løvgaard som er forsvarar for Østfold-mannen.

Ifølgje tiltalen, somVG omtalte måndag, vart 21 år gamle Alexandra Therese Nilsen frå Moss drepen med 21 knivstikk klokka 07.30 om morgon den 18. juli i fjor.

Kolliderte på Rv7

Etter drapet sette han seg i bilen og køyrde vekk frå hytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med 1,10 i promille kolliderte han med ein møtande bil på Rv7 i Gulsvik. Han gjorde det med vilje.

– Det var ikkje tanken min å kollidere med bilen. Eg ville køyre inn i fjellveggen for å ta mitt eige liv, sa han til Hallingdølen i Ringerike fengsel i november i fjor.

Det var mens han sat skadd i bilen at han fortalde redningsmannskap som kom til at han hadde drepe kjærasten sin i hytta på Sørbølfjell. Då politiet kom til hytta, fann dei ei død kvinne.

– Det er så meiningslaust alt saman, sa han til Hallingdølen i fengselet.

Var tilrekneleg

Psykiatrane som har undersøkt mannen, har konkludert med at han ikkje var psykotisk.

Sjølv har han inga forklaring på kvifor han kunne gjere det han gjorde. Politiets teori er at han drap kjærasten fordi han var redd for at ho skulle gå ifrå han.

Til Hallingdølen sa han:

– Eg har ikkje klart å finne ut korleis dette kunne skje. Det er heilt uforståeleg. Men det er ingen tvil om at eg er ansvarleg og må bli stilt til ansvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kamp om straff

Fordi mannen har erkjent å ha drepe kjærasten sin blir ikkje straffesaka i Hallingdal tingrett i Nesbyen ein kamp om skuld.

Det blir eit rettsleg oppgjer mellom påtalemakta og forsvararens hans, advokat Sindre Løvgaard, om kor mange år han må sitje i fengsel. Gjennomsnittsstraffa for forsettleg drap er 12–14 års fengsel.

– Tiltalen er som venta, det meiner også tiltalte, seier Sindre Løvgaard.

Straffesaka tek til Hallingdal tingrett 6. mars. Det er sett av fire dagar, og 14 vitne er kalla inn.